Du er her:

Søk

Korleis redde verda i solsteiken

Stor versjon

Verving er noko av det viktigaste vi gjer i Natur og Ungdom, og lokallag landet over gjer utruleg mykje kult i sommar. Denne veka har både Bergen og Ålesund Natur og Ungdom stått ute i sola og verva.

Bergen Natur og Ungdom stod på stand på Torgallmenningen i byen under VG-listaturnéen på onsdag.

 

- Det var kjempeflott å ha stand under VG-listaturnéen. Vêret var deilig, og det var mykje ungdom i byen. Vi fekk både rekruttert nye NU'erar, vist oss fram til dei som ikkje vart med og jobba litt med brunfargen. Og så fekk vi jo med oss ein del av musikken som vart spelt. Det var kjempekjekt! seier Ingegjerd Meyer Hellevig frå Bergen Natur og Ungdom.

 

Ålesund Natur og Ungdom har hatt stand på Båtfestivalen.


- Sommaren er jo den aller beste årstida for verving. Med sol, is, bading og god stemning er det alltid lettare å få fleire medlem. Og så er det jo ekstra kjekt når det er festivalar og litt ekstra liv i sentrum. På standen vår delte vi ut gratis grillmat, og gratis mat slår jo alltid an på Sunnmøre, og hadde ringspel som ein kunne prøve seg på. Og så fekk vi høyre mykje god musikk. Det var veldig kjekt, sjølv om eg blei litt solbrent." seier Torgeir Vestre frå Ålesund Natur og Ungdom. 

 

Har du eller ditt lokallag lyst til å gjere noko viktig for miljøet i sommar? Det er utruleg mykje kult og artig ein kan gjere, som til dømes å stå på stand, vere frivillig på festival, arrangere ein konsert, verve på stranda eller på fotballkampen. Treng de tips og idear til kva de kan gjere i sommar, hjelp til å få standløyve eller gjennomføre verveplanane dykkar, treng dykk verveblokker, plakatar eller anna stæsj? Ikkje nøl! Ta kontakt med sommarvervecrewet Nora og Ingrid på e-post: sommer@nu.no eller telefon. 

Om Natur og Ungdom

Natur og Ungdom er en miljøvernorganisasjon for ungdom. Vi har over 7000 medlemmer fordelt på mer enn 80 lokallag over hele landet. Lokallagene i Natur og Ungdom jobber med miljøproblemene der de bor. Du kan bli medlem her.

Torggata 34 PB4783 Sofienberg - 0506 OSLO tlf. 23 32 74 00,
© 2002-2011 Natur og Ungdom, gjenbruk og ettertrykk anbefales dersom kilde oppgis.