Du er her:

Søk

Turnéliv dag 1

Jada, vi finn fram!

Jada, vi finn fram!. Stor versjon

Det er mange som heilt frå barnsbein av har draumd om å få lov til å reise på turné. Det er mange som har draumd om at kollektivtilbodet i heimbyen skal verte betre. Men det er få som har tenkt tanken at desse ynskja lett kan forenast.

Regionsekretærane Lina Kristne og Mailiss er i veke 17 (og delvis veke 18) på turné på det vakre Sørlandet. Nærare bestemt i Agder. Og endå nærare bestemt, på kollektivturné. Det er ein lei trend at klimgassutsleppa i nesten samtlige norske kommuner stig, og at vegtrafikken stig mest og i mange kommuner allereie er den største klimasyndaren. Agder er inga unntak. Måndag ettermiddag la dei to ut på starten av sitt livs eventyr (så langt), og sette seg på Nor-Way bussekspress sin Sørlandsekspress, og kom seg trygt fram til Risør når kveldinga lei på. Der møtte dei leiaren for lokallaget i Risør, og hadde ein hyggeleg kveld, før turen tirsdag morgon gjekk til Risør vidaregåande skule, for både halvannantimelonge foredrag og stand i kantina. Som Mailiss vagt hugsa, så er Risør vgs ein fantastisk skule, og oppvartinga er flott. Det første som møtte dei to, var ei eiga kanne med gratis kaffe og merknad om at det berre var til å gå i kantina og ete kva som helst, skulen betalte. Og kantina, den er jo kanskje den beste kantina desse to har vore i!

Det var fleire elevar som lot seg ensajsere, og ville vite meir om kva vi ungdom kan gjere for å løyse klimaproblemet. Tommel opp for første etappe! Då skuleklokka ringte for siste gong, bar turen ned til eit busstopp, der sekken var god å ha som stol, medan tida gjekk før bussen til Kristiansand lot høyre frå seg. Men etter langt om lenge kom dei seg på bussen, og halvsov søtt og godt mot neste Sørlandsidyll. Det fyrste ærend i Kristiansand var å kjøpe postkort til postkortaksjonen; å sende postkort til fylkeskommunane i Agder, frå alle byane som turneen går innom, og kreve månedskort til 200 kr og fleire bussavgongar. Nummer to var å få i seg noko mat, og besøk på lokale Rio Pizza vart ein suksess. Eller, Mailiss innsåg litt for seint av salatbaren var the way to go, etter at ho allereie hadde valgt vegetarpasta (som også var særdeles god, men som merkverdig nok ikkje freista like mykje som den bugnande salatbaren bakk ryggen hennar).

Gode og mette var ungdommen klar til å finne fram til kveldens overnattingsplass, mora til sentralstyre-Reidar var heldigvis villig til å opne sitt husrom for slike to entusiastiske og livlige regionsekretærar. Dette første til mang ein telefonsamtale der Reidar prøvde å gi Mailiss ein riktig vegbeskriving. Heldigvis er det jo ein naturlig konsekvens av å vere regionsekretær, at ein har god retningssans, så dette vart inga problem (Mailiss har alltid hatt god retningssans, så dette var aldri noko bekymring). Etter ein lang og solfylt dag rusla Lina og Mailiss nøgde inn i eit koseleg trehus og sette seg godt til rette med pc og det heile; tida for lesarbrev, pressemelding og reisebrev hadde kome.

Om Natur og Ungdom

Natur og Ungdom er en miljøvernorganisasjon for ungdom. Vi har over 7000 medlemmer fordelt på mer enn 80 lokallag over hele landet. Lokallagene i Natur og Ungdom jobber med miljøproblemene der de bor. Du kan bli medlem her.

Torggata 34 PB4783 Sofienberg - 0506 OSLO tlf. 23 32 74 00,
© 2002-2011 Natur og Ungdom, gjenbruk og ettertrykk anbefales dersom kilde oppgis.