Du er her:

Søk

Turnélivet fortsetter

Turneen fortsett med kollektivtrafikk som hovud merksemd og Lina og Mailiss er mange nye opplevingar rikare.

Dag to er over.  Pressemeldinger har vorte sendt, busstur Kristiansand-Arendal er unnagjort og lokallaget i Arendal har fått besøk. Dagen i dag skulle eigentleg ha enda med ein rå konsert for kollektivtrafikk, men lydteknikarproblem har gjort hat konserten vert utsett til neste veke. Istadenfor la Arendal NU ein slagplan for resten av vårhalvåret og sommaren. Høgdepunktet i vår vert konserten, og elles vert det jobbing for eit betre kollektivtilbod, samt rekruttering av nye, miljøengasjerte medlem. I sommar står Hove-festivalen på plakaten, og dei vil gjerne ha besøk av unge miljøvernarar, så Arendal NU arbeidar for å få i havn ein god avtale med festivalen, og finne musikk- og miljøengasjert ungdom som vil slå desse to interessene saman.

 Onsdag, dag to av turneen, er også starten på postkortkampanjen som Aust-Agder NU og Vest-Agder NU skal ha i tida framover. Fylkesordførarane skal slite med å ikkje forstå bodskapen til sørlandsungdommen; gi oss månedskort til 200 kr og fleire bussavganger!

Om Natur og Ungdom

Natur og Ungdom er en miljøvernorganisasjon for ungdom. Vi har over 7000 medlemmer fordelt på mer enn 80 lokallag over hele landet. Lokallagene i Natur og Ungdom jobber med miljøproblemene der de bor. Du kan bli medlem her.

Torggata 34 PB4783 Sofienberg - 0506 OSLO tlf. 23 32 74 00,
© 2002-2011 Natur og Ungdom, gjenbruk og ettertrykk anbefales dersom kilde oppgis.