Du er her:

Søk

Verv deg til Bonn og nasjonal vårkonferanse!

Stor versjon

Mer informasjon


  • fagmedarbeidar i Natur og Ungdom
    Tlf.: 938 30 063

  • fagmedarbeidar i Natur og Ungdom
    Tlf.: 950 21 871
Heider og ære. Mellomforhandlingar i Bonn. Gratis nasjonal vårkonferanse med snikeband. Natur og Ungdom set igong vervekonkurranse, verv flest innan 1. mars og vinn kule premiar. Finn fram verveblokka, skru på sjarmen og gå ut i gatene og verv!

2012 blir eit heidundrandes verveår! Med store og små konkurransar, verveveker og -helger, og flotte vervepremiar er det mykje å sjå fram til. Verveåret har allereie byrja med to parallelle vervekonkurransar som varar fram til 1. mars. er du over 18 år kan du verve 20 stk og bli med i trekninga om å bli med til Bonn. Er du under 18 år kan du verve flest og få gratis nasjonal vårkonferanse for deg og ein ven, med snikeband.

Bonn. 

I mai er det mellomforhandlingar i Bonn. Natur og Ungdom vil vere der for å presse på, krevje handling og følgje forhandlingane. Ein må vere over 18 år for å få innpass på forhandlingane, Natur og Ungdom inkje unntak. Derfor må vervevinnaren vere over 18 år. Fyller du 18 år før 14. mai får du bli med på denne konkurransen. Verv 20 nye medlem før 1. mars, og bli med i trekninga om å bli med på forhandlingar i Bonn. 

Nasjonal vårkonferanse. 

23. til 25 mars er det nasjonal vårkonferanse for Natur og Ungdom. Vi samlast i klimakampen, lærar mykje nytt, aksjonerar og får nye venar. Vervar du flest før 1. mars får du gratis nasjonalt vårkonferanse for deg sjølv og ein ven, i tillegg til snikeband under heile arrangementet. Konkurransen gjeld for alle under 18 år.

Ein organisasjon i vekst. 

Skal vi få bukt med klimaproblemet, stoppe det store tapet av naturmangfald og vinne miljøsaker i framtida er vi avhengig av å ha mange medlem. Vi må vere ein organisasjon i vekst, og vi må verve mange nye medlem i løpet av året. Då må alle bidra, alle må verve. Om alle i organisasjonen verva 1 kvar, ville vi vore dobbelt så mange. Vil du vere med på å styrke Natur og Ungdom, og samtidig vinne heftig kule premiar, er det berre å finne fram verveblokka, skru på sjarmen og spørje alle du møter på. 

 

 

For meir informasjon, bestilling av verveblokker e.l. kontakt verveansvarlege på verving@nu.no 

Om Natur og Ungdom

Natur og Ungdom er en miljøvernorganisasjon for ungdom. Vi har over 7000 medlemmer fordelt på mer enn 80 lokallag over hele landet. Lokallagene i Natur og Ungdom jobber med miljøproblemene der de bor. Du kan bli medlem her.

Torggata 34 PB4783 Sofienberg - 0506 OSLO tlf. 23 32 74 00,
© 2002-2011 Natur og Ungdom, gjenbruk og ettertrykk anbefales dersom kilde oppgis.