Du er her:

Søk

Verveveke!

Stor versjon

Mer informasjon


  • fagmedarbeider i Natur og Ungdom
    Tlf.: 938 30 063

  • fagmedarbeider i Natur og Ungdom
    Tlf.: 905 78 129
Om berre 9 dagar brakar det laus igjen! I den nasjonale verveveka skal det vervast over heile linja. Vil du bidra til ein større og meir slagkraftig organisasjon? Vil du at lokallaget ditt skal bli større og få meir merksemd? Vil du vere med i kappløpet, vinne flotte premiar, få heider og ære og vinne ein ekslusiv vervetur med sentralstyret i Natur og Ungdom. Då må du vere med på verveveka.
Bli med på vervehausten 2011!

I veke 45 er duka for nasjonal verveveke. Heile organisasjonen skal ut i gatene for å verve nye medlem til vår flotte organiasasjon. Vi skal verev, for når det gjeld verving er vi ustoppelege. Vi skal bli fleire, større og sterkare. Og for det treng vi fleire medlem.

Natur og Ungdom er allereie ein svær organisasjon. Med omlag 7000 medlem har vi stor påverkningskraft. Vi tar opp kampen mot forureiningsskurkane, vinn miljøsaker, skaper større miljøfokus og pushar politikerane til å handle. Verdas klima og natur treng Natur og Ungdom, og for å vinne fleire miljøsaker i framtida trengs eit større Natur og Ungdom.

Og det er her vervinga kjem inn i biletet. Skal vi bli fleire er vi avhengige av at alle vervar. Heldigvis fins det bråtar med ungdom i dette landet som berre ventar på å bli verva. 

I tillegg til å bidra til større lokal og nasjonal aktivitet, er det også store mogelegheiter for å vinne mykje heider og ære, samt kule vervepremiar. Det beste vervelokallaget, og vervefylket blir heidra av heile NU-Noreg, og alle som vervar får flotte vervepremiar som til dømes t-skjorte, CD-gåvekort og sykkel. Og den beste vervaren gjennom veka får også ein ekslusiv vervetur til ein by i Noreg saman med sentralstyret. Så er du glad i å reise, glad i sentralstyret og glad i å verve er dette noko å sikte mot for deg. 

Vil du bli med så sleng deg med! 

Og om du og ditt lokallag treng verve-stæsj, meir informasjon eller har gode verveplanar for veka, send oss ein mail på verving@nu.no 

Om Natur og Ungdom

Natur og Ungdom er en miljøvernorganisasjon for ungdom. Vi har over 7000 medlemmer fordelt på mer enn 80 lokallag over hele landet. Lokallagene i Natur og Ungdom jobber med miljøproblemene der de bor. Du kan bli medlem her.

Torggata 34 PB4783 Sofienberg - 0506 OSLO tlf. 23 32 74 00,
© 2002-2011 Natur og Ungdom, gjenbruk og ettertrykk anbefales dersom kilde oppgis.