bestill en supersentralist sentralist

Du er her:

Søk

Sei nei til eit nytt Tsjernobyl på Kola atomkraftverk!

Foto: Line Lønning

Foto: Line Lønning. Foto: Line Lønning /Natur og Ungdom Stor versjon

Mer informasjon


  • fagmedarbeidar i Natur og Ungdom
    Tlf.: 938 30 063

  • fagmedarbeidar i Natur og Ungdom
    Tlf.: 932 29 138
26. april er det 26 år sidan Tsjernobylulykka, verdas største atomulykke. I dag drivast eit av verdas farlegaste 20 mil frå norskegrensa, Kola atomkraftverk. Bli med å sei nei til eit nytt Tsjernobyl på Kola atomkraftverk. Signer og spre underskriftskampanjen www.stopkolanpp.com, lag ei markering der du bur eller bli med på markeringa i Oslo 26. april.

26. april 1986 eksploderte ein av reaktorane på Tsjernobyl atomkraftverk som ligg i dagens Ukraina. Skyar av radioaktivt nedfall blei pumpa ut over området og spredte seg over store delar av Europa og Noreg. Det blei sluppe ut mellom 100 og 400 gongar meir stråling under denne ulykka enn det blei sluppe ut under bombinga av Hiroshima og Nagasaki. Spor av strålinga blei funne i alle land på den nordlege halvkule, og blant anna Noreg har framleis områder under særskilt oppsyn på grunn av forureining frå Tsjernobyl.

Meir enn 100 mennesker døydde av eksplosjonen og strålinga på dagen ulykka skjedde, og den stadig pågåande helseeffekta av ulykka er enorm. Nyare rapportar visar at konsekvensane av Tsjernobylulykka er over ein kvart million krefttilfeller og nesten 100.000 med dødeleg utfall dei siste 25 åra. Ei av dei største verknadane av katastrofa er dei sosiale og samfunsmessige konsekvensane for hundretusenar av mennesker som blei evakuert frå heimane sine.

20 mil frå norskegrensa i Nordvest-Russland ligg Kola atomkraftverk, eit gammalt og farleg atomkraftverk. Dersom det skjer ei ulykke her vil den radioaktive strålinga kunne nå Noreg i løpet av få timar. Tre av fire reaktorar drivast utover si anbefalte levetid, og burde av trygleiksmessige årskakar vore stengt for lenge sidan.Det fins alvorlege tryggleiksmanglar på reaktorane som er umogeleg å oppgradere til internasjonal tryggleiksstandard på grunn av måten dei er designa på. Dei to eldste reaktorane på Kola atomkraftverk regnast som å vere like farleg som reaktoren som eksploderte for 26 år sidan på Tsjernobyl.Kola atomkraftverk må stengast før det blir vår generasjons Tsjernobyl!

Kva kan du gjere?

- Signer og spre underskriftskampanjen www.stopkolanpp.com til alle du kjenner og på sosiale mediar

- Byt profilbiletet på sosiale mediar til "Stopp Kola"-kampanjens logo i tidsrommet 23. til 26. april

- Skriv lesarbrev til lokalavisa di

- Arranger aksjon der du får ordføraren i kommuna di til å skrive under på underskriftskampanjen - Arranger bannerdropp i sentrum

- Ha informasjonsstand i friminuttet på skulen din der du informerar medelevane dine om Kola atomkraftverk, eller hald eit foredrag for klassa di

- Ha informasjonsstand i gågata

- Arranger ein konsert for stenging av Kola atomkraftverk

- Kom på markeringa i Oslo 26. april

Lurar du på noko? Vil du ha meir informasjon, tips og idear til andre ting du kan gjere for å kreve stenging av Kola atomkraftverk eller har kule planar og idear du vil dele? Send ein mail til norag@nu.no!

Torggata 34 PB4783 Sofienberg - 0506 OSLO tlf. 23 32 74 00, 

© 2002-2014 Natur og Ungdom, gjenbruk og ettertrykk anbefales dersom kilde oppgis.