Du er her:

Søk

Energisparing

Noreg er eit av landa i verda som bruker mest energi per innbyggjar, og det landet som bruker desidert mest elektrisitet per innbyggjar.

Noreg er eit av landa i verda som bruker mest energi per innbyggjar, og det landet som bruker desidert mest elektrisitet per innbyggjar.

Det høge energiforbruket i den vestlege verda er årsak til mange miljøproblem: CO2 frå gass, olje og kol har forsterka drivhuseffekten og gjer at vi i dag står overfor trusselen om farlege klimaendringar. Utbygging av vasskraft har øydelagt verdfull vassdragsnatur og livsgrunnlaget for truga plante- og dyreartar. Atomkraftverka produserer avfall som forblir livsfarleg i millionar av år.

Energi er ein avgrensa ressurs. Å redusere energiforbruket i dei rike landa er nødvendig for at folk i andre delar av verda skal kunne få betre levekår.

Noreg er ikkje berre eit av landa i verda som brukar mest energi. Vi er også i verdseliten når det gjeld energisløsing. I Noreg er det samfunnsøkonomisk lønsamt å spare energi tilsvarande det opptil 10 gasskraftverk (av storleiken som er planlagd i Øygarden) kan produsere. Noreg har eit enøk-potensiale på 20-30 1  TWh.

I bygningar er enøk-potensialet på 14,2 TWh, fordelt på 7,4 TWh i bustader og 6,8 TWh i yrkesbygg 2 . Industrien kan spare 9,2 TWh 3 . I tillegg til at ein kan bruke mindre energi, kan det også gjennomførast enøk-tiltak i energiproduksjonen og -distribusjonen. Ved å betre ut kraftnettet, slik at mindre energi forsvinn på vegen ut til brukarane, kan ein i Noreg spare inn 2-4 TWh 4 . I tillegg kan vi utan store naturinngrep ruste opp gamle vasskraftverk slik at dei kan produsere minst 1 TWh meir kraft enn det dei gjer i dag 5 .

 

Energisparing, energieffektivisering og energiøkonomisering er ord som ofte vert brukte om kvarandre, men som har litt ulikt innhald.

 

1  Haugland / Ljones: Enøk og klimapolitikk, ECON senter for økonomisk analyse
og Norges offentlige utredninger: NOU 1998:11 Energi- og kraftbalansen mot 2020, s. 158.
2  Norges offentlige utredninger: NOU 1998:11 Energi- og kraftbalansen mot 2020, s. 158.
3  Haugland / Ljones: Enøk og klimapolitikk, ECON senter for økonomisk analyse.
4  Norges offentlige utredninger: NOU 1998:11 Energi- og kraftbalansen mot 2020, s. 297.
5  Norges offentlige utredninger: NOU 1998:11 Energi- og kraftbalansen mot 2020, s. 229.

Om Natur og Ungdom

Natur og Ungdom er en miljøvernorganisasjon for ungdom. Vi har over 7000 medlemmer fordelt på mer enn 80 lokallag over hele landet. Lokallagene i Natur og Ungdom jobber med miljøproblemene der de bor. Du kan bli medlem her.

Torggata 34 PB4783 Sofienberg - 0506 OSLO tlf. 23 32 74 00,
© 2002-2011 Natur og Ungdom, gjenbruk og ettertrykk anbefales dersom kilde oppgis.