Du er her:

Søk

Norsk energiforbruk

Noreg er eit av landa i verda som bruker mest energi per innbyggjar.

Noreg er eit av landa i verda som bruker mest energi per innbyggjar. Meir nøyaktig ligg Noreg på sjetteplass i energiforbruk, etter Island, USA, Canada, Sverige og Danmark. Kvar nordmann og -kvinne bruker 5,5 tonn oljeekvivalentar energi i året, medan snittet i verda er om lag 1,7 tonn. Islendingane bruker 8,6 tonn kvar 1 .

Når det gjeld forbruk av elektrisk energi, er Noreg det landet i verda som bruker desidert mest per innbyggjar. Kvar av oss bruker 24.296 kWh elektrisitet i året. Island som ligg på andreplass her bruker 18.967 kWh per person, medan snittet i verda er 2.258 kWh 1 .

Samla bruker vi i Noreg årleg (1997) om lag 115 TWh elektrisk kraft 2 . Det totale norske energiforbruket er på 22,6 mill tonn oljeekvivalentar 1 .

Mykje kraftkrevjande industri er ei av årsakene til det høge elektrisitetsforbruket i Noreg. Denne industrien bruker i underkant av 35 TWh årleg 3 . Trekkjer vi denne krafta frå det norske forbruket, er vi likevel framleis det landet i verda som bruker mest elektrisitet per person.

Den viktigaste grunnen til det høge norske elektrisitetsforbruket, ligg i vasskrafta - at vi vassar i kraft.

Frå naturen si side har Noreg tilgang på enorme energiressursar. Mangel på elektrisitet har ikkje vore eit verkeleg problem i Noreg - før vi oppdaga at to tredjedelar av alle vassdraga i Noreg var utbygde.

No er ei av dei største utfordringane i norsk energipolitikk å redusere kraftforbruket, slik at
1) Noreg kan vere sjølvforsynte med kraft frå fornybare energikjelder, og
2) land som ikkje har like gode føresetnader for fornybar energiproduksjon kan nyte godt av dei naturgjevne føresetnadane Noreg har for satsing på nye fornybare energikjelder, mellom anna vindkraft.

 

1  International Energy Agency: Key World Energy Statistics from the IEA, 1999 edition.
2  Norges vassdrags- og energidirektorat: Energifolderen 1998.
3  Norges offentlige utredninger: NOU 1998:11 Energi- og kraftbalansen mot 2020, s. 82.

Om Natur og Ungdom

Natur og Ungdom er en miljøvernorganisasjon for ungdom. Vi har over 7000 medlemmer fordelt på mer enn 80 lokallag over hele landet. Lokallagene i Natur og Ungdom jobber med miljøproblemene der de bor. Du kan bli medlem her.

Torggata 34 PB4783 Sofienberg - 0506 OSLO tlf. 23 32 74 00,
© 2002-2011 Natur og Ungdom, gjenbruk og ettertrykk anbefales dersom kilde oppgis.