Du er her:

Søk

ordbok

Energiøkonomisering
(enøk) betyr å bruke mindre pengar på energi. Det er bra viss det samstundes betyr at ein bruker mindre energi. Det treng nemleg ikkje å bety det. Viss du går over til ei billegare energiform enn den du brukte før, kan du bruke mindre pengar på energi, og samstundes bruke meir energi. Særleg ille blir det viss overgangen er frå ei energikjelde som ureinar lite til ei som medfører store miljøproblem, til dømes frå biobrensel til oljefyring.

Energieffektivisering
inneber å få meir energi ut av kvar brukt energieining. Det er som regel bra. Problemet oppstår viss ein effektiviserer energibruken, men samstundes bruker meir energi samla. Å ta i bruk varmepumpe og bruke mindre energi til å varme opp huset er veldig bra, men viss den inntente energien (og kanskje endå litt meir i tillegg) i staden vert brukt til å varme opp garasjeoppkjørsla, er ikkje tiltaket like miljøvenleg lenger.

Energisparing
betyr å spare energi; å bruke mindre. Det kan ikkje slå feil.

Om Natur og Ungdom

Natur og Ungdom er en miljøvernorganisasjon for ungdom. Vi har over 7000 medlemmer fordelt på mer enn 80 lokallag over hele landet. Lokallagene i Natur og Ungdom jobber med miljøproblemene der de bor. Du kan bli medlem her.

Torggata 34 PB4783 Sofienberg - 0506 OSLO tlf. 23 32 74 00,
© 2002-2011 Natur og Ungdom, gjenbruk og ettertrykk anbefales dersom kilde oppgis.