I fjor bygde Sverige ut 2,14 TWh ny vindkraft, og har ein samla produksjon nok til å dekkje 279 129 husstandar med straum. Til samanlikning bygde Noreg berre 0,24 TWh vindkraft i fjor. No må vi lære av naboane våre, og få fart på sakene.
- Dette viser at det er mogeleg å få til den fornybare framtida vi vil ha. Sverige har hatt ordninga med grøne sertifikatar ei stund lenger enn oss, men no er dei på plass her i Noreg også, og då må vi få ein boost i vindutbygginga, seier Nora Ghaffari i Natur og Ungdom.
Over halvparten av energiforbruket i Noreg er fossil energi som skapar klimaendringar. Skal vi stoppe klimaendringane, må vi fase ut bruken av fossil energi og erstatte den med fornybar. Vindkraft er ein miljøvenleg og fornybar energikjelde som vi i Noreg må ta meir i bruk.
- Vi har heldigvis stort potensiale til å byggje ut meir vindkraft, med ein vindfull kyst, grøne sertifikatar og mange gopde prosjekt på bordet kan vi endeleg få fart på vindkraftbygginga, seier Ghaffari.
All energiproduksjon har konsekvensar for naturen, og det er viktig at ein til ei kvar tid veljer dei prosjekta med minst konsekvensar. Ein løyser ikkje eit miljøproblem ved å skape eit anna, og det er viktig å sjå tapet av natur i samanheng med klimaendringane.

