Tysdag starta turneen, i Trondheim møtte vi Naturvernforbundet i Nord- og Sør-Trøndelag saman med Erik, som er fylkesleiar i Sør-Trøndelag Natur og Ungdom. Der fekk vi klargjort både kva vi er semde om og kva vi er usemde om i energipolitikken. I tillegg fekk vi snakka mykje om vidare samarbeid i Trøndelag.
Før vi la ut på vegen mot industrifylket Møre og Romsdal, hadde vi òg eit møte med Trønder Energi. Dei eig no to vindparkar i Sør-Trøndelag, og planlegg å byggje ut fleire i åra som kjem. Per i dag er dei Noregs største eigar av vindkraft. Vi diskuterte utfordringar og vidare samarbeid.
Torsdag og vel framme i Ålesund møtte vi Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Her snakka vi om energisituasjonen i Midt-Noreg, som dei har jobba hardt og lenge med. Både vindkraft, kraftlinjer og energisparing vart nemnt, og vi diskuterte kva vi kan samarbeide om vidare som den beste løysinga på kraftunderskotet i Midt-Noreg.
Fredag gjekk turen vidare igjen. Då var det Sognefylket som skulle vitjast. Vi kryssa grensa ved Eid, og fòr av garde mot Måløy og vindparken Mehuken som ligg der. Mehuken består av 13 vindmøller, og produserar rein og fornybar kraft til 6 000 husstandar langs kysten. Det blei eit vått, men veldig flott besøk.
Til slutt gjekk vegen vidare til Førde, her skilja turneen lag. Mens gutane reiste nedover mot hovudstaden, blei Nora igjen i Førde for å møte Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane om både energi og vindkraft, men også naturmangfald og fjorddeponi i Førdefjorden. Etter ei lang og innhaldsrik reise var alle semde om at det hadde vore ein fin tur.



