Du er her:

Søk

Vi treng miljøvenleg vindkraft

Stor versjon

Mer informasjon


  • fylkesleiar i Sogn og Fjordane Natur og Ungdom
    Tlf.: 984 64 674

  • fagmedarbeidar i Natur og Ungdom
    Tlf.: 938 30 063
Måndag denne veka røysta eit knapt fleirtal av innbyggjarane i Solund kommune mot byggjing av 2 store nye vindparkar på Ulvegreina og Ytre Sula. Ulvegreina vindpark er omsøkt i eit viktig fulgeområde, og bør ikkje byggjast ut. Ytre Sula er ein viktig vindpark for å få meir fornybar energi langs kysten.

Klimaproblemet krev at vi erstattar forureinande olje, gass og kol med rein, miljøvenleg energi. Allereie eksisterande vindkraftanlegg langs kysten bidreg til dette, og det er synd at inbyggjarane i Solund kommune ikkje vil ta del i denne viktige oppgåva. Knapt noko land i Europa har betre føresetnadar for vindkraft enn Noreg.

 - Verda treng fornybar energi, og det er vi her i Sogn og Fjordane som kan produsere den. Eg ynskjer å bu i eit fylke som bidreg til å løyse klimaproblemet, som er framsynt, og som satsar på dei miljøvenlege løysingane. Då treng vi vindkraft, seier Karoline Strand, leiar i Sogn og Fjordane Natur og Ungdom.

Noreg har eit mål om å byggje ut store mengder fornybar vindkraft i åra som kjem, mellom anna gjennom ordninga med grøne sertifikatar. I framtida vil vindkraft vere heilt avgjerande for å kunne møte behovet for energi i Noreg og i verda. Skal ein skifte ut dagens forureinande bilar og oppvarming, trengs rein energi å erstatte det med. Det kan likevel ikkje gå på tvers av mangfaldet i naturen.

- Vindkraft er ein viktig del av løysinga på klimaproblemet og den omstillinga vi må gjere frå det fossile til det fornybare samfunnet. Difor er det viktig og riktig å byggje ut Ytre Sula vindpark. Ulvegreina vindpark er planlagt i eit viktig hekkeområde for verdifulle fugleartar, og må ikkje byggjast ut, avsluttar Strand.

Om Natur og Ungdom

Natur og Ungdom er en miljøvernorganisasjon for ungdom. Vi har over 7000 medlemmer fordelt på mer enn 80 lokallag over hele landet. Lokallagene i Natur og Ungdom jobber med miljøproblemene der de bor. Du kan bli medlem her.

Torggata 34 PB4783 Sofienberg - 0506 OSLO tlf. 23 32 74 00,
© 2002-2011 Natur og Ungdom, gjenbruk og ettertrykk anbefales dersom kilde oppgis.