Du er her:

Søk

Natur og Ungdom krevjer reinsing av Mongstad!

Aksjon ved Mongstad.

Aksjon ved Mongstad. . Stor versjon

Mer informasjon


  • fagmedarbeidar i Natur og Ungdom
    Tlf.: 93830063
Måndag fekk Klima- og forureiningsdirektoratet ny dokumentasjon som viser at bruk av aminar ved CO2-fangst ikkje er helseskadeleg. No er det ingen tekniske hindringar for å starte opp eit fullskala reinseanlegg ved Mongstad, og Natur og Ungdom krevjer fortgong i prosjektet.

I 2005 sa regjeringa at 15 års gasskraftkamp var over, og lova at alle nye gasskraftverk skulle ha CO2-reinsing frå dag éin. Likevel er alle planane om reinsing av gasskraftverka i Noreg anten lagt på is eller utsett. Seinast i vår blei reinseplanane for Mongstad utsatt enda ein gong, heilt til 2016. Årsaka var usikkerheita rundt helsefara ved bruk av aminar i CO2-reinsing.

Den nye dokumentasjonen Klima- og forureiningsdirektoratet har fått gjev svar på nettopp dette; det er ikkje helseskadeleg å bruke aminar ved CO2-reinsing. No har regjeringa ingen unnskyldningar for å utsetje reinseplanane, med det tekniske på bordet er det ingen reelle hindringar for utbyggjing av fullskala reinseanlegg på Mongstad. Det er på tide at regjeringa handlar. 

 - Klimaendringane er farlege, urettferdige og allereie i gong. Noreg må ta ansvar for å kutte klimagassutsleppa våre, og det hastar no meir enn nokon gong. Når vi veit kor alvorleg klimaproblemet er, er det heilt uakseptabelt at eit land som Noreg held fram med å ha forureinande gasskraft som spyr ut farlege klimagassar kvar dag. Derfor er det ekstremt viktig at vi får på plass eit fullskala reinseanlegg på Mongstad, og det fort! seier Nora Overvoll Ghaffari frå Natur og Ungdom. 

Fram til eit reinseanlegg er klart på Mongstad må gasskraftverket stengast. Gasskraftverket har i dag utsleppstillatelse fram til 2014, og det er framleis usikkerheit om når gasskraftverket får reinsing. Natur og Ungdom krevjer at utsleppstillatelsen til det forureinande gasskraftverket blir trekt tilbake.

 - Mongstad spyr ut enorme mengder klimagassar som fører til farlege klimaendringar. Verdas klima tåler ikkje at Mongstad står å forureinar kvar dag, så no må gasskraftverket stengjast fram til eit fullskala reinseanlegg står på plass, seier Ghaffari. 

 

 

Om Natur og Ungdom

Natur og Ungdom er en miljøvernorganisasjon for ungdom. Vi har over 7000 medlemmer fordelt på mer enn 80 lokallag over hele landet. Lokallagene i Natur og Ungdom jobber med miljøproblemene der de bor. Du kan bli medlem her.

Torggata 34 PB4783 Sofienberg - 0506 OSLO tlf. 23 32 74 00,
© 2002-2011 Natur og Ungdom, gjenbruk og ettertrykk anbefales dersom kilde oppgis.