Trusselen om farlege klimaendringar er det største miljøproblemet verda står overfor.
Dei leiande klimaforskarane i verda, samla i FNs klimapanel, reknar med at gjennomsnittstemperaturen på jorda vil auke med 3°C innan utgangen av det 21. århundret, dersom vi ikkje reduserer utsleppa av drivhusgassar dramatisk. Tre grader på hundre år kan høyrast lite ut, men vil vere den raskaste oppvarminga jorda har opplevd på 10.000 år og gje den høgaste middeltemperaturen jorda har hatt på 150.000 år.
I rapporten FNs klimapanel gav ut i desember 1995 slo forskarane fast at auka drivhuseffekt er eit problem og at den skuldast bruk av fossile brensel. Forskarane seier også at det er sannsynleg at klimaendringane vi allereie er vitne til, skuldast menneskeskapte CO2-utslepp.
Det finst ein naturleg drivhuseffekt. Drivhusgassar i atmosfæren fangar opp varmestråling frå jorda, og held det jamnt og behageleg varmt. Drivhusgassane fungerer som eit drivhus; ikkje all varmen som kjem inn, slepp ut att. No er menneska i ferd med å endre den hårfine naturlege klimabalansen; menneskeskapte utslepp tilfører atmosfæren meir drivhusgassar. Det vil gjere det varmare på jorda. Dei ti varmaste åra på 1900-talet var alle etter 1980.
Den viktigaste av drivhusgassane vi slepp ut er CO2, som kjem frå forbrenning av fossile brensel gass, olje og kol. CO2 står for drygt halvparten av den menneskeskapte drivhuseffekten. Det er 25 % meir CO2 i atmosfæren i dag enn det var før den industrielle revolusjonen.
Ein del av CO2en i atmosfæren går inn i CO2-krinslaupet på jorda, som i hovudsak går ut på at menneske og dyr pustar ut CO2, medan plantane hentar den inn att i fotosyntesen. CO2en i dei fossile energikjeldene har ikkje vore ein del av dette krinslaupet, men har leie lagra i havbotnen, under ørkensanden og andre steder. Når dinosaurane vert forbrunne, aukar konsentrasjonen av CO2 i atmosfæren.
FNs klimaforskarar har anslått kva som må til for å førebyggje aukande drivhuseffekt; for å stabilisere innhaldet av CO2 i atmosfæren må vi redusere CO2-utsleppa med 60 prosent eller meir. Di lenger vi nølar med å redusere utsleppa, di meir må vi kutte. Kyoto-avtalen legg opp til at utslepp frå dei rike landa skal verte reduserte med 5,2 prosent frå 1990 til 2010.
Varmare klima vil få store verknader for naturmiljøet som menneska lever i og er avhengige av. Drivhuseffekten betyr ikkje sommarferie heile året og palmar på Tjøme. Den betyr akutt naud for store deler av menneska i verda, store økonomiske tap og naturforstyrringar med fylgjer vi ikkje kan tenkje oss.
Matforsyninga i verda er truga. Auka turke i nokre område, og hyppigare stormar i andre, kan øydeleggje avlingar. Skadedyr og sjukdomar kan spreie seg. Det kan kome alvorlege problem i fiskeria. Alt dette vil skje i ei verd med fleire munnar å mette, der mangel på rein jord og reint vatn allereie legg sterke avgrensingar på kor mykje mat som kan lagast.
Dyr, plantar og økosystema dei lever i er tilpassa bestemte temperaturområde. Menneskeskapte klimaendringar kan skje så raskt at mange artar ikkje klarer å fylgje med. Artsmangfaldet er trua.
Mange av menneska på jorda bur i kystområde som vil verte oversymde når havet stig; når det vert varmare utvidar vatnet seg. Fleire øystatar i Stillehavet kan rett og slett bli borte frå kartet. Eit land som Nederland har råd til å byggje dikar mot havet. Det har ikkje Bangladesh. Drivhuseffekten kan drive titals, kanskje hundretals millionar menneske på flukt frå stigande hav og ørken som spreier seg.
Klimaendringane kan føre til hyppigare naturkatastrofar og meir ekstreme værtypar; orkanar, flaumar og skogbrannar. Den internasjonale forsikringsbransjen tek klimaendringane på alvor: Dei skal forsikre mot øydeleggingar som ikkje har noko historisk sidestykke.
