For å få i hamn ein avtale er ein heilt avhengige av folkeleg press, både frå Noreg og resten av verda. Derfor blei Global Day for Climate Action markert blandt anna i Oslo, der Natur og Ungdom arrangerte Durban i Oslo for å krevje klimahandling i Durban.
Andreas Delsett frå Raudt, Fredrik Punsvik frå Unge Høgre og Markus Nilsen frå Changemaker holdt alle inspirerande appellar om klimahandling og Noreg i eit internasjonalt perspektiv. Ola Skaalvik Elvevold, leiar i Natur og Ungdom og Andrea Sofie Aasvang leiar i Akershus Natur og Ungdom ga oss oppdateringar direkte frå Durban. Mimir Kristjansson underholdte med standup og Jonas Alaska holdt konsert. Mange krevde også handling ved å bli tatt bilete av med Natur og Ungdom sine krav, eller dei skreiv ned eigne krav på felles banner.
Nordland Natur og Ungdom markerte også Global Day for Climate Action, dei aksjonerte og krevde klimahandling i Svolvær. Og onsdag arrangerar Moss Natur og Ungdom fakkeltog for å auke presset rundt forhandlingane.
Dette viser at engasjementet for ein ambisiøs og bindande klimaavtale er stort. Norske politikarar kan bidra ved å auke våre mål om utsleppskutt. Noreg må bidra til ein avtale som bind rike land til å gjere store kutt, ved blandt anna å påta seg 40% utsleppsreduksjonar innan 2020.



