Du er her:

Søk

Billig buss til alle!

Natur og Ungdom, samla til landsmøte i Fredrikstad 6.-9. januar krev månadskort for ungdom til 200 kr og rettferdige bussprisar i Sør-Trøndelag.

Vegtrafikken står for ein femdel av Noreg sitt samla utslipp av klimagassar. Mange i Sør-Trøndelag pendlar dagleg til og frå Trondheim, og storparten av dei har moglegheit til å ta buss. For å freiste folk til å bruka kollektivtransport, lyt bussprisane gå drastisk ned.

Natur og Ungdom meiner at fylkeskommunen har eit særskilt ansvar for ungdomane i regionen. For at ungdom som ikkje tener mykje skal koma seg rundt i fylket, treng vi billigare fylkeskort. I Noreg har tre fylke gjennomført ordningar med månadskort for ungdom som gjeld i heile fylket for 200 kr. Det meiner vi at vi òg må ha i Sør-Trøndelag, og oppfordrar fylkeskommunen til å ta ansvar slik at ungdom kjem seg billig og miljøvenleg rundt i fylket.

Takstane for kollektivtransporten i fylket er urettferdige, og går uførehaldsmessig ut over dei som bur mindre sentralt. Vi tykkjer at alle må ha eit likt tilbod til å vera miljøvenleg, uansett om du bur i byen eller på bygda.

Til dømes vart bussprisane på strekninga mellom Børsa og Trondheim senka frå 70 til 30 kr for ein enkeltbillett frå 01.01.11. Mellom Trondheim og Orkanger eller Fannrem derimot, ligg prisane uendra på 90 kr. Dette er blodig urettferdig. Vi ønskjer eit rettferdig og billig busstilbod for alle i Orkdalsregionen. Disse tettstadene ligg berre kort tid unna Børsa, og dette er stader med mange pendlarar, som difor treng eit billig og attraktivt busstilbod minst like mykje som Børsa. På den eine busstoppen mellom Orkanger og Børsa tredoblas bussprisane!

Det er på høg tid at myndigheitene tek ansvar for kollektivtilbodet vårt. For å oppnå eit miljøvenleg samfunn trengs ei økt satsing på kollektivtransport. Difor er det fylkesordførar Tore O. Sandvik og fylkeskommunen sitt særskilte ansvar å ta vare på både pendlarar og ungdom, og gi dei eit rettferdig og miljøvenleg alternativ til bilen. Vi krev handling no!

Om Natur og Ungdom

Natur og Ungdom er en miljøvernorganisasjon for ungdom. Vi har over 7000 medlemmer fordelt på mer enn 80 lokallag over hele landet. Lokallagene i Natur og Ungdom jobber med miljøproblemene der de bor. Du kan bli medlem her.

Torggata 34 PB4783 Sofienberg - 0506 OSLO tlf. 23 32 74 00,
© 2002-2011 Natur og Ungdom, gjenbruk og ettertrykk anbefales dersom kilde oppgis.