Du er her:

Søk

Dobbeltspor framfor veg!

Mer informasjon


  • Bergen studentlag
    Tlf.: 99477282
Natur og Ungdom, samla til landsmøte i Fredrikstad 8.–11. januar 2009, krev at det vert bygd dobbeltspor på strekninga Arna–Bergen, og at desse planane vert innlemma i Nasjonal Transportplan. Samstundes må det ikkje byggjast vegtunnel på den same strekninga.
Uttalelsen i Word-format
Uttalelsen i PDF-format

Strekninga Arna–Bergen er unik i Noreg, då den er ein av dei få strekningane der fleirtalet av reisene vert teke med kollektivtransport. Dette skuldast den fantastiske føredelen toget har på denne strekninga, ein tunnel under Ulriken som gjer at reisa Arna–Bergen berre tek sju minutt med tog, medan den same reisa med bil rundt Åsane tek femten til tjuge minutt.

Arna-Bergen er ein av NSB sine mønsterstrekningar, med avgangar båe vegar kvar halvtime og særs god passasjerdekning. Delar av døgnet kan det vere aktuelt med fire avgangar i timen, men dette er ikkje mogleg so lenge strekninga ikkje har dobbeltspor. Hyppigare avgangar vil auke kollektivandelen ytterlegare. Dobbeltsporet er òg naudsynt for å kunne få meir godstransport over på bane.

Det planleggjast ogso ein vegtunnel mellom Bergen og Arna, heretter kalla Arnatunnelen. Denne tunnelen er Natur og Ungdom sterkt i mot. Ved å gjere det lettare å køyre bil mellom Bergen og Arna vil den føre til fleire bilreiser, som vil gje ei negativ klimaeffekt. Fleire bilar inn i sentrum vil dessutan gje mindre trivsel, senke trafikktryggleiken og ta vekk bu- og fritidsareal til fordel for parkeringsareal. Tunnelen vil etter planutkasta ende opp på Nygårdstangen, som allereie er ein stad som lid under for mykje trafikk og hyppige kødanningar. Nok ei innfartsåre hit vil forsterke desse uheldige tendensane, og fleire korkar vil auke luftforureininga i Bergen generelt og på Danmarksplass spesielt, som ligg i Nygårdstangen sin umiddelbare nærleik og er alvorleg plaga av ureiningar.

Ikkje minst vil Arnatunnelen utkonkurrere togtilbodet, og slik svekke den gode kollektivandelen. Dette vil føre til færre avgangar, og dermed er me inne i ein vond sirkel som kan verta dødsskotet for lokaltoget. Ogso fjerntoga mot austlandet og godstrafikk på Bergensbanen kan verta svekka, då Arnatunnelen tyder kortare reisetid mellom austlandet og Bergen.

Me har kome til det punktet at samferdselsløysingar som bidreg til auka utslepp ikkje lenger kan aksepterast. Det må satsast miljøvennleg. Difor må dobbeltspor Arna-Bergen inn i Nasjonal Transportplan no, medan Arnatunnelen aldri må byggjast!

Om Natur og Ungdom

Natur og Ungdom er en miljøvernorganisasjon for ungdom. Vi har over 7000 medlemmer fordelt på mer enn 80 lokallag over hele landet. Lokallagene i Natur og Ungdom jobber med miljøproblemene der de bor. Du kan bli medlem her.

Torggata 34 PB4783 Sofienberg - 0506 OSLO tlf. 23 32 74 00,
© 2002-2011 Natur og Ungdom, gjenbruk og ettertrykk anbefales dersom kilde oppgis.