Du er her:

Søk

Natur og Ungdom krev 50 prosent studentrabatt på toget!

Natur og Ungdom samla til landsmøte i Fredrikstad 8.–11. januar 2009, krev at samferdselsdepartementet sett av øyremerka midlar til for å heve studentrabatten tilbake frå 25 til 50 prosent.
Uttalelsen i Word-format
Uttalelsen i PDF-format
Klimaendringane er det største problemet verda står ovanfor i dag. Noreg har eit stort ansvar for å redusere klimagassutsleppa, og for å gjere vår del i klimakampen må vi satse på kollektivtrafikken. Å redusere billettprisen er et viktig verkemiddel for å få fleire til å reise kollektivt.

Dei fleste studentane har ofte knapt med pengar, og er samstundes ofte avhengige av transport for å kome seg til og frå skolen. Eit dyrt kollektivtilbod gjer det umogleg for mange å prioritere miljø framfor personleg økonomi. Dagens ungdom må bli vant til å bruke kollektivtilbodet, og det må samferdselsdepartementet leggje til rette for.

Vegtrafikken står for ein femdel av klimagassutsleppa i Noreg. Det er berre oljeindustrien som forureinar meir. Difor er det særs viktig å ikkje oppmuntre til meir privatbilisme, men heller oppfordre unge til å velje å reise kollektivt. Studentar må ha råd til å prioritere miljøet. Samferdselsdepartementet har sagt at vi må satse kollektivt og at tog og buss skal bli billigare. Likevel har NSB redusert studentrabatten.

Natur og Ungdom krev at regjeringa sett av fleire midlar til kollektivtransporten og at studentrabatten på toget skal opp igjen til 50 prosent.

Om Natur og Ungdom

Natur og Ungdom er en miljøvernorganisasjon for ungdom. Vi har over 7000 medlemmer fordelt på mer enn 80 lokallag over hele landet. Lokallagene i Natur og Ungdom jobber med miljøproblemene der de bor. Du kan bli medlem her.

Torggata 34 PB4783 Sofienberg - 0506 OSLO tlf. 23 32 74 00,
© 2002-2011 Natur og Ungdom, gjenbruk og ettertrykk anbefales dersom kilde oppgis.