I heile Noreg skal Natur og Ungdom aksjonere natt og dag, heile veka, i heile landet. Frå Kirkenes til Kristiansand skal ungdom droppe banner, henge opp plakatar, arrangere konsertar, fiske på torget, møte politikerar, overrekke symbolske gåver, dra på skogstur og aksjonere med banner, handplakatar og slagkraftige slagord.
Dette er ikkje ei kva som helst-aksjonsveke, det er ei aksjonsveke der vi skal vise det store engasjementet for rein og frisk natur. Erik Solheim skal bestemme seg for om han vil ta vare på Førdefjorden, ein av dei siste reine fjordane i landet, eller omgjere den til ein avfallsplass. Han må ta eit standpunkt, er natur viktig, eller er det søppel?
Saka om Førdefjorden, som ligg inne hos miljøverndepartementet, handlar om investering i framtida vs. kortsiktige gevinstar for gruveselskap som Nordic Mining. Nordic Mining ønskjer å drive utvinning av mineralet rutil frå Engebøfjellet. Ca 3% av massa er rutil, og resten av avfallet vil dei dumpe i Førdefjorden. Det vil seie 720 lastebillass med gruveavfall i fjorden kvar einaste dag, dei neste 50 åra. Dette kan kome til å øydeleggje livet i fjorden.
Etter aksjonsveka skal Erik Solheim på befaring til Engebøfjellet og Førdefjorden, i Naustdal kommune. Og han skal få alle postkorta som Natur og Ungdom har samla inn mot fjorddeponi i Førdefjorden. Det er derfor viktig at så mange som mogeleg i Noreg, heile Natur og Ungdom står samla og viser at det er stor motstand mot å rasere naturen på denne måten. Vi skal ikkje gi miljøvernministeren noko anna val enn å gi raudt lys til Nordic Mining, og grønt lys til naturen.
Har du og ditt lokallag tenkt å gjere noko skikkeleg kult den veka? Sei frå!
Send ein mail til norag@nu.no
Aksjonsveka er også på facebook. Delta!

