Nordic Mining har søkt om å få løyve til å utvinne mineralet rutil frå Engebøfjellet i bygda Vevring i Naustdal kommune, og dumpe den resterande steinmassen i den nasjonale laksefjorden Førdefjorden. Dette skremmer ungdomsorganisasjonane i Sogn og Fjordane, som krevjer at Klif avviser søknaden og ikkje gir selskapet løyve til planane.
Det er skremmande å sjå kva selskapet faktisk planlegger. Ikkje berre er Førdefjorden ein nasjonal laksefjord oppretta for å ta vare på villaksen. Det finst óg fleire utrydningstruga artar i fjorden, som vil kunne komme til å bli negativt påverka av eit eventuellt fjorddeponi, seier Albert Andersen Øydvin, fylkesleiar i Sosialistisk Ungdom. – Mellom anna finn vi Førdefjorden sin viktigaste gyte- og oppvekstområde for den utrydningstruga kysttorsken like i nærleiken av det planlagde fjorddeponiet.
Havforskningsinstituttet har fleire gongar tidelegare påpeikt at dumping av steinmasse i Førdefjorden vil kunne påverke heile økosystemet, noko som kan føre til at livet på botnen døyr ut. Ungdomsorganisasjonane fryktar at eit eventuellt løyve vil kunne føre til ei miljøkatastrofe for naturverdiane i og rundt Førdefjorden.
Dersom det blir gitt løyve til rutilutvinning og dumping av steinmasse i Førdefjorden, vil det bli dumpa inntil 570 tonn steinstøv og kjemikalier kvar time dagleg i 50 år framover. Det kan vi ikkje akseptere. Denne søknaden må blankt avvisast frå Klif, seier Inger Fure Grøtting, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Natur og Ungdom.
