Du er her:

  • Hva mener vi?  ›› 
  • Natur  ›› 
  • Skog  ›› 
  • NUs innspill til verdikommisjonens høring om naturforvaltning

Søk

NUs innspill til verdikommisjonens høring om naturforvaltning

Natur og Ungdom sitt innspel til Verdikommisjonen si høyring om forvalting av norsk natur. Oslo 15. desember 1999 / Skiptvet 22.

Innleiing

Før vi går inn på Natur og Ungdom (NU) sitt syn i dei ulike problemstillingane vi har fått presentert, ynskjer vi kort å gjere greie for korleis NU ser på samspelet mellom menneske og natur.

Når mennesket skal vere del i eit natursyn, er det ofte vanleg å setje eit menneskesentrert natursyn opp mot eit natursentrert natursyn; det vert trekt eit skilje mellom det å setje mennesket i sentrum og det å meine at naturen står over mennesket. Dersom mennesket er ein del av naturen, vert denne motsetninga meiningslaus - i teorien. I verklegheita er det annleis. Der er det ulv mot sau. Hogst mot naturskog.

Natur og Ungdom har ståstaden sin i spenninga mellom det antroposentriske og det økosentriske natursynet. NU ynskjer både å bruke og å verne naturen. Bruk/vern-debatten vert ofte framstilt som ein anten/eller-debatt. Natur og Ungdom vil hevde at den beste naturforvaltninga ligg på aksen mellom bruk og vern.

Å bruke naturen er naudsynt for at mennesket som art skal overleve. Vi er avhengige av å hauste av det naturen gjev. Samstundes er det viktig å verne om naturen, for at menneska sitt ressursgrunnlag ikkje skal verte utarma eller forringa, men også fordi naturen i seg sjølv har verdi. Alle artar har verdi som del av eit økosystem, som del av det biologiske mangfaldet. I tillegg har dei ein ukjend verdi som potensielle ressursar for mennesket.

 

1.

Dagens lovverk som gjeld dei privateigde naturressursane byggjer på nokre grunnleggjande verdiar. Kva verdiar meiner din organisasjon at bør liggje til grunn for eit framtidsretta lovverk? Blir desse verdiane tekne vare på i dag, og korleis bør lover og andre verkemiddel utformast i framtida for betre å kunne ivareta eit verdigrunnlag for berekraft?

I Natur og Ungdom sitt grunnsyn, vedteke i miljøpolitisk plattform på landsmøtet, står det at NU går inn for:

Et samfunn som forvalter ressursene til felles beste, i dag og på lang sikt. Naturressursene bør forvaltes av de som høster av og er avhengig av ressursgrunnlaget for å leve videre.

En framsynt ressursutnytting bygget på et lavest mulig uttak av begrensede ressurser.

Produksjonen må fremme liv i samfunn og natur, ikke bryte ned, ødelegge og forurense.

Et desentralisert samfunn der alle mennesker har lik mulighet for reell innflytelse over sin egen situasjon. Arbeidsplasser og servicefunksjoner må legges der folk bor. Produksjon må i størst mulig grad være basert på lokale ressurser og brukes til å dekke lokale behov.

Et samfunn basert på solidaritet med og respekt for alle mennesker. Produksjonen må legges opp til å dekke folks nødvendighetsbehov, ikke luksus og overforbruk.

Et samfunn som ivaretar og bygger på det økologiske, kulturelle og menneskelige mangfold. Mangfold gjør samfunn og natur mindre sårbar. Naturen må få leve videre både fordi menneskene er avhengige av den, og fordi den har en verdi i seg selv.

Det er desse verdiane vi ynskjer at skal liggje til grunn også for lovverket. Det er langt att til eit samfunn som tek miljøproblema på alvor og set i verk ein politikk som kan løyse dei og førebyggje nye miljøskadar.

I norsk politikk ser vi dette aller klårast i klimapolitikken. Å redusere utsleppa av klimagassar, for å hindre farlege klimaendringar, er sannsynlegvis den største utfordringa menneske og natur står overfor. Også artsmangfaldet er truga. Dyr, plantar og økosystema dei lever i er tilpassa bestemte temperaturområde. Menneskeskapte klimaendringar kan skje så raskt at mange artar ikkje klarer å fylgje med.

FNs klimaforskarar har anslått kva som må til for å førebyggje aukande drivhuseffekt; for å stabilisere innhaldet av CO2 i atmosfæren må vi redusere CO2-utsleppa med 60 prosent eller meir. Di lenger vi nøler med å redusere utsleppa, di meir må vi kutte. I dei internasjonale klimaforhandlingane arbeider Noreg for at det ikkje skal setjast noko tak for i kor stor grad land skal kunne nytte seg av "unnasluntringsmekanismar" som kvotehandel. Dersom land står fritt til å kjøpe billige klimatiltak i andre land, framfor å gjøre noko med eigne klimagassutslipp, utset vi dei nødvendige strukturelle omleggingane i den rike delen av verda og seinkar utviklinga av miljøvenleg teknologi.

 

Natur og Ungdom ynskjer i utgangspunktet at naturressursene bør forvaltes av de som høster av og er avhengig av ressursgrunnlaget for å leve videre; at dei bør forvaltast lokalt. Vi har tru på at dei som er avhengige av naturressursane også kan forvalte dei på ein god måte. Det er også dei som på mange vis kjenner naturen i området best; dei har sjølv, og frå dei som levde før dei, lært og tileigna seg kunnskap som ikkje alltid er like tilgjengeleg for boklærde naturforvaltarar. Ei god naturforvaltning er avhengig av å utnytte lokal kunnskap. Eit mangfald av kunnskap og forvaltningsmetodar er naudsynt for å forvalte eit mangfald av natur. Kunnskapen om naturen og naturressursane kan delast i to; lokal kunnskap basert på tradisjon og kjennskap til konkrete område, og akademisk kunnskap. Den beste forvaltninga av naturområde får ein i møtet mellom desse to kunnskapsformene.

Kommunane bør, i den grad dei sjølv ynskjer det, kunne overta ein større del av ansvaret for naturforvaltninga. Med dette ansvaret må det fylgje økonomiske midlar og eit skuleringsopplegg som gjer kommunane rusta til oppgåva. I skuleringa er det viktig at ein gjer nytte av begge dei kunnskapsformene som er omtalte over. På denne måten vil ein lettare kunne skape forståing mellom dei ulike "partane". Område bør forvaltast på det nivået som er mest hensiktsmessig. Store verneområde som femner over fleire kommunar, må sikrast ei heilskapleg forvaltning; ein må hindre den oppstykkinga av forvaltninga som kan oppstå dersom kvar kommune skal forvalte "sin" del av verneområdet.

 

Ikkje all natur kan haustast av, og delar av naturen konkurrerer med menneska om utbyttet. Også denne naturen er menneska avhengige av. Vi er ein del av det økologiske samspelet på jorda. Nokre naturområde og artar må vi verne særskilt om. Det kan vere til ulempe for dei som gjennom vernet får avgrensa rettar dei tidlegare har hatt til naturressursane, men er ein del av et samfunn som forvalter ressursene til felles beste, i dag og på lang sikt.

Natur og Ungdom støttar at storsamfunnet kan gripe inn i måten privatpersonar forvaltar naturressursane på, for slik å sikre ei berekraftig naturforvaltning. Men like viktig er det at lokalsamfunn bør ha rett til å stoppe naturinngrep som storsamfunnet vil påføre dei. Dei styggaste naturinngrepa vert ikkje gjort av privatpersonar eller lokalsamfunn, men av staten, og ofte mot lokalbefolkninga sitt ynskje. Det er staten som byggjer nye vegar — gjennom urørte og verneverdige naturområde, i strandsoner og i natur der truga dyre- og planteartar held til. Staten står også bak ein stor del av vasskraftutbyggingane i Noreg.

Eit av hovudproblema med naturforvaltninga i Noreg er mangelen på heilskapleg tenking i samfunnsplanlegginga. Det vert vedteke ein veg her og ei golfbane der, og med eitt er det som før var store samanhengande naturområde blitt svært fragmenterte.

Natur og Ungdom meiner at:

Alle truede arter og deres leveområder må sikres tilstrekkelig beskyttelse for å hindre

utrydding av dyre- og planteliv lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Natur og naturtyper må gis tilstrekkelig vern.

Norge må verne de siste restene av norsk vassdragsnatur. Vassdrag som er vernet mot kraftutbygging må også vernes mot andre store inngrep.

 

I 1999 vedtok Stortinget å gjennomføre det største naturinngrepet i norsk historie; å etablere Regionfelt Østlandet. Eit samrøystes kommunestyre i Åmot i Hedmark var mot skytefeltet som no er planlagt lagt dit. Fylkestinget i Hedmark var mot, og det store fleirtalet av innbyggjarane i fylket er skytefeltmotstandarar.

Kommunar som staten vil påleggje slike uopprettelege naturinngrep, må i det minste få myndigheit til å leggje ned utsetjande veto i saka. Konsekvensen av å innføre utsetjande veto må vere at to Storting skal måtte vedta eit slikt inngrep / overgrep. Sverige har ei ordning med kommunalt veto. Den svenske vetoretten gjeld imidlertid ikkje i saker som er av spesiell nasjonal interesse. Hensikta med ei vetoordning er å tvinge politikarane til å sjå seg om etter andre løysingar, som kan spare både menneske og natur for store liingar. I skytefeltsaka er det til dømes ikkje blitt utgreidd korkje eit skikkeleg nullalternativ eller om Noreg kan bruke Älvdalen skjutfält som ligg like over svenskgrensa.

I regionfeltsaka er kommunen kome i ein svært paradoksal situasjon. Kommunepolitikarane i Åmot valde å ta ansvar for naturen ved å setje av store naturområde som LNF-område (landbruk-, natur- og friluftslivområde) med særskild vekt på naturvern. Reguleringane som fylgde denne prioriteringa var mellom anna strenge restriksjonar på hyttebygging. Restriksjonane medførte at alle hytter måtte byggjast nede i dalane og ikkje oppe på kjølområda. På denne måten var eit stort naturområde verande urørt. Konsekvensen av denne politikken vart ikkje at ein greidde å ta vare på naturen, men at Stortinget vedtok å bruke området som skyte- og øvingsfelt for hæren. Vedtaket om Regionfelt Østlandet hadde neppe vore mogleg om Åmot kommune hadde satsa på storstilt hyttebygging.

Regionfelt Østlandet dreier seg om vi skal ta vare på store samanhengande naturområde, og om vi skal prioritere desse naturområda framfor Forsvaret sitt påståtte behov for ein ny tumleplass. Natur og Ungdom meiner at natur- og miljøvern i Noreg må vere meir enn fine ord i Stortingsmeldingar. Naturen og framtida er avhengig at vi prioriterer på ein annan måte en vi har gjort til no.

Når det gjeld den lokale retten til å leggje ned utsetjande veto i saker som angår naturgrunnlaget, er dette også noko som samerettsutvalet i si innstilling drøftar og føreslår at Sametinget skal få. Natur og Ungdom støttar framlegget, og meiner dette prinsippet også bør overførast til andre område i samfunnet.

 

2.

Eigedomsretten er ein av menneskerettane, og for den som har eigedom fylgjer det også plikter og ansvar. Kva for plikter og kva slags ansvar fylgjer det med å eige dyrka jord, skog og utmark? Korleis blir ansvaret for framtidige slekter teke vare på i praksis?

I Natur og Ungdom si miljøpolitiske plattform står fylgjande:

Dyrket mark må ikke legges brakk, ofres til storstilte veiutbygginger, brukes til golfbaner eller gjenplantes med trær. Den dyrkbare marka som ligger brakk må taes i bruk. Kjøttproduksjonen i Norge må i størst mulig grad baseres på beite- og utmarksressurser, ikke kraftfôr. Korn bør benyttes til menneskeføde. Skal Norge øke sin sjølforsyningsgrad, er vi nødt til å utnytte beiteressursene. Bruk av utmark og beiteressurser er en forutsetning for et økologisk forsvarlig landbruk i Norge.

I den norske odelslova er mange av dei pliktene og det ansvaret som knyter seg til å eige jord, skog og utmark slått fast. Natur og Ungdom meiner at:

Norge må bevare odelsloven og bo- og driveplikt.

Odelslova er mykje av grunnen til at Noreg i dag framleis har mange gardsbruk spreidde utover heile landet. Lova har hindra samanslåing av bruk. Eit miljøvenleg landbruk er avhengig av mange gardsbruk. Frå nokre få store bruk er vegen kort til eit meir industrialisert og mindre miljøvenleg landbruk.

Bu- og driveplikta har vore med å sikre levande bygder med busetjing og dyrking av jorda. I dag vert ikkje bu- og driveplikta handheva på ein god måte. Over 90 prosent av dei som søkjer, får fritak frå buplikta. Hadde dei ikkje fått fritak, er det nærliggjande å tru at dei ville ha seld garden til nokon som ynskte å bu der og drive den, eller dei ville busett seg der sjølve. Natur og Ungdom meiner at det ikkje bør gjevast fritak frå bu- og driveplikta når det finst folk som ynskjer å overta garden for å bu der og drive den.

I dag vert det, i samband med den varsla stortingsmeldinga om landbrukspolitikken, diskutert om konsesjonsgrensa for landbrukseigedomar bør aukast. Natur og Ungdom er mot heving av konsesjonsgrensa; bu- og driveplikta må takast vare på, på alle bruk. Vert grensa heva, er det sannsynleg at ledige gardsbruk vert selde som feriestader til rikfolk og kjendisar, i staden for som bustad og arbeidsplass til ungdom som vil etablere seg på gard.

Fråflytting, nedlegging og samanslåing av gardsbruk utarmar bygdene. Eit levedyktig landbruk er avhengig av levande bygder _ og levande bygder er avhengig av eit levedyktig landbruk.

Å halde den dyrka jorda i hevd og bruke utmarka aktivt er viktig for matproduksjonen. Å hauste av den fornybare ressursen som skogen representerer, legg grunnlag for at uttaket av lagerressursar kan avgrensast. I tillegg er kulturlandskapet menneska har vore med på å forme, livsgrunnlaget for mange dyre- og planteartar. Let ein utmarka gro att, endrar ein samstundes dei økosystema som artane der har tilpassa seg.

Samstundes er det viktig å verne om dei artane som er avhengige av urørd natur for å kunne leve. Det er i skogane vi finn dei fleste av desse artane i Noreg. Skogbruket har eit enormt ansvar for å ta vare på artsmangfaldet, sidan det er dei som forvaltar skogane. I dag representerer det industrielle skogbruket eit av dei største trugsmåla mot det biologiske mangfaldet. Det er eit mål at skogen skal kunne forvaltast utan at det utgjer eit trugsmål mot artsmangfaldet. Å ta vare på dei siste naturskogane hastar. Det er naudsynt å verne fyrst, for sidan å starte på den tidkrevjande prosessen det er å endre skogbruket i ei meir økologisk forsvarleg retning.

For å ta vare på det biologiske mangfaldet er det viktig både å bruke og verne om skog og anna utmarka. Når det gjeld skog, har Natur og Ungdom sitt landsstyre gått inn for at:

En verneplan for norsk barskog må sikre at alle typer skog blir representert, og at et tilstrekkelig areal av hver type blir vernet. Med industriell skogsdrift må minst 15% av Norges skogareal vernes. Med en økologisk bruk av skogressursene er 5% vern nødvendig. Inngrep i naturskog og skog som inneholder sjeldne og truede arter må unngås. Dette er essensielt for å ta vare på artsmangfoldet i Norge.

Vidare står det i miljøpolitisk plattform at:

Tradisjonell utnytting av ressursene innenfor vernede områder skal ikke hindres, så lenge utnyttingen ikke ødelegger verneverdiene.

 

3.

Kva er verdigrunnlaget når staten grip inn med lovvern og andre former for restriktiv regulering mot einskildpersonar og lokalsamfunnet sine rettar til å utnytte naturressursane i Noreg? På kva måtar og i kor stor grad er det legitimt å gripe inn? Gje døme på vanskelege verdikonfliktar som din organisasjone står oppe i no? Kvar går grensa mellom individet sin fridom og rettar, lokalsamfunnet og ålmenta sine interesser (privat og/eller offentleg bruk kontra vern)?

Mange av spørsmåla som vert stilt i dette avsnittet, meiner vi å ha gjeve svar på under punkt 1. Når det gjeld døme på vanskelege verdikonfliktar Natur og Ungdom står oppe i no, er rovdyrkonflikten i ei særstilling. Natur og Ungdom meiner både at:

Det må bygges opp levedyktige bestander av store rovdyr og rovfugler i Norge. Inntil man har klart dette, bør det kun gis fellingstillatelse på dyr som volder stor skade, og kun dersom arten ikke er direkte trua. Det må gis full erstatning for rovdyrskader på tamfe, og det må bevilges tilstrekkelige midler til forebyggende tiltak.

og som tidlegare nemnt under punkt 2, at:

Kjøttproduksjonen i Norge må i størst mulig grad baseres på beite- og utmarksressurser, ikke kraftfôr. Korn bør benyttes til menneskeføde. Skal Norge øke sin sjølforsyningsgrad, er vi nødt til å utnytte beiteressursene. Bruk av utmark og beiteressurser er en forutsetning for et økologisk forsvarlig landbruk i Norge.

Som miljøvernorganisasjon vil Natur og Ungdom ha både rovdyr og beitedyr i utmarka. Ulv, bjørn, jerv og gaupe er viktige for det biologiske mangfaldet i Noreg. Sau og andre dyr som beitar i utmarka høyrer til den mest miljøvenlege matproduksjonen vi har. Men å ha beitedyr og rovdyr i same område fører til problem, nokre større enn andre. Å få til begge deler er ikkje enkelt.

Natur og Ungdom ynskjer å setje fokus på dei løysingane ein kan finne på rovdyrproblemet. Saman med Norsk Bonde- og Småbrukarlag har vi difor eit samarbeid om beitetilsyn; medlemmer i Natur og Ungdom er med og går tilsyn for beitelag med medlemmer frå Bonde- og Småbrukarlaget. På denne måten kan miljøvernarar og bønder i dei mest rovdyrutsette områda i Noreg møtast, få innsikt i kvarandre sin kvardag og synspunkt, og diskutere rovdyrkonflikten og moglege løysingar på den.

Vi arrangerer beitetilsyn fordi vi ynskjer å vere konstruktive i rovdyrdebatten. Å gå tilsyn er eit av mange førebyggjande tiltak mot rovdyrskadar. Natur og Ungdom har ikkje løysinga på rovdyrproblemet, endå.. Gjennom samarbeidet og kontakten med beitelag og sauebønder håpar vi at vi kan vere med på å kome fram til den.

 

4.

Er det etter din organisasjon si meining noka konflikt mellom retten til fri ferdsle i utmark (allemannsretten) og ynskjet om kommersiell utnytting av naturressursane? Kven tek vare på naturens eigenverdi opp i mot nytteverdien for mennesket? Kva verkemiddel må til for å avvege desse verdiane oppimot kvarandre?

Allemannsretten er eit viktig grunnlag for dei lange friluftslivtradisjonane i Noreg, og må takast vare på. Kommersiell utnytting av naturressursane spenner over mange ulike aktivitetar, frå tradisjonelt landbruk til høgmekanisert reiselivsverksemd. Natur og Ungdom støttar berekraftig bruk og hausting av utmarka. Tradisjonelt landbruk og mange former for småskala næringsutvikling fell inn under denne nemninga. Men det finst òg døme på tilrettelegging for turisme eller anna ny næringsverksemd som bryt med ei berekraftig forvaltning, mellom anna ved store tekniske inngrep og mykje motorisert ferdsle.

Retten til fri ferdsle i utmark må takast vare på. Tilrettelegging for friluftsliv må ikkje hindre dei som vil drive uorganisert friluftsliv i å bruke dei same områda. Ein annan konflikt som kan oppstå, er ein konflikt mellom den retten ålmenta i dag har til å hauste av delar av utmarksressursane, som til dømes bær, og grunneigarar sitt eventuelle ynskje om å kunne ta betalt for desse verdiane. Natur og Ungdom meiner at også denne delen av allemannsretten er viktig å ta vare på. Ved at alle har høve til å hauste av naturressursane på denne måten, legg ein eit ekstra grunnlag for at mange kan drive eit aktivt friluftsliv. I tillegg legg den også grunnlag for eit natursyn der mennesket tek del i naturen, brukar den og haustar av den.

Når det gjeld dei to siste delane av dette spørsmålet, meiner vi å ha svara på dei under punkt 1.

 

5.

Tilhøvet til den tredje verda er også eit viktig tema når det gjeld forvaltinga av naturressursane. Jord, skog og andre naturressursar ligg brakk i delar av vårt land, i ei verd der mange svelt. Er det etisk forsvarleg i eit globalt og landsiktig perspektiv å la vere å utnytte desse produktive ressursane? Kva må til om det skal bli lønsamt å utnytte desse ressursane? På kva måte kan overproduksjon av mat i rike land som vårt kanaliserast til dei som svelt?

I Natur og Ungdom si miljøpolitiske plattform står m.a. fylgjande:

Det er viktig å høste av naturens overskudd av hensyn til en stadig økende verdensbefolknings behov. Økologisk utnyttelse av ressursene betyr at vi ikke utarmer matjord, ikke overbeskatter fisken i havet og ikke reduserer mangfoldet i skogen.

Mat må i størst mulig grad produseres for lokalt forbruk, og ikke for eksport. Det bedrer matvaresikkerheten og gir oss muligheter til å få en natur-og ressurstilpasset matvareproduksjon. Målet må være en best mulig utnyttelse av stedegne ressurser, det gir også mindre transport.

Norge må øke sin selvforsyningsgrad. Skal mat importeres må man prioritere matimport som er fordelaktig for vanlige folk i den tredje verden og ut i fra miljøhensyn.

Å late vere å utnytte matressursane er korkje etisk eller miljømessig forsvarleg. Mat er ein menneskerett, og ei av dei største utfordringane menneska står overfor er å produsere nok mat til ei stadig veksande verdsbefolkning. Klarer vi ikkje å produsere nok og trygg mat til alle, vil dei som svelt verte tvungne til å drive rovdrift på naturressursane for å overleve.

For å utnytte naturressursane på ein måte som sikrar matproduksjonen også i framtida, må det langsiktig og økologisk lønsame også verte økonomisk lønsamt. I dag vert det ført ein landbrukspolitikk i Noreg som har som mål at matproduksjonen skal konsentrerast på færre bruk.

Å opprettholde antall bruk er viktig for et miljøvennlig landbruk. De dårlige rammevilkårene i landbruket presser mange gårdbrukere ut av næringen. Landbrukspolitikken må endres slik at bøndene får en inntekt å leve av, og som står i forhold til det viktige arbeidet de gjør.

I dag går det meir energi inn i det norske landbruket enn kva vi får ut av det. Eit økologisk forsvarleg landbruk må i størst mogleg grad vere barsert på lokale ressursar. I dag er det meir lønsamt for norske bønder å fôre opp gris og kylling på importert korn, enn å ha sau beitande i utmarka for å hauste av ressursane der. Eit slikt landbruk er ikkje berekraftig.

Ved å vri kjøtproduksjonen- og forbruket over frå lyse til mørke kjøtslag, kan vi både oppnå eit mindre intensivt og meir miljøvenleg landbruk, og vi kan redusere behovet for å kjøpe korn på den internasjonale marknaden for å fôre opp dyr på det. Kornet bør gå direkte til menneskeføde.

I dag importerer Noreg over halvparten av maten vi et. Det viktigaste Noreg kan gjere for matvaretryggleiken i verda er å ta mest mogleg ansvar for eigen mat, - og arbeide for at andre land også skal få ta slikt ansvar. I dag vert det arbeidd for å byrje ein ny forhandlingsrunde i Verdas handelsorganisasjon (WTO), for å liberalisere verdshandelen endå meir. Natur og Ungdom går inn for at:

Alle land må ha rett til å beskytte eget landbruk mot konkurranse utenfra. Forhandlingene i WTO om videre liberalisering av landbrukshandelen må stanses. Mat og landbruk må ut av WTO.

Natur og Ungdom har også støtta kravet om eit WTO-moratorium; WTO-avtalen må ikkje utvidast før konseskvensane av dagens avtale er kartlagde. Den auka verdshandelen fører i dag til store miljøproblem, mellom anna på grunn av forurensing frå transport av varer og i form av biologisk forurensing når feil art hamnar på feil stad etter å ha fylgd med som blindpassasjer i varetransportar.

 

Avslutning

Natur og Ungdom tykkjer det er positivt at Verdikommisjonen har gjeve organisasjonar med interesser i norsk naturforvaltning i utfordring å presentere synet dei har på spørsmål knytta til forvaltning av naturressursane. Ei god naturforvaltning er avhengig av oppslutnad hjå alle desse interesseorganisasjonane — hjå miljøvernarar, bønder, friluftsfolk, skogeigarar og bygdefolk. Ekstra stort er behovet for samarbeid om dei mest konfliktfylte spørsmåla, slik som den norske rovdyrpolitikken.

I dag samarbeider Natur og Ungdom med mange av dei andre organisasjonane som er inviterte til å svare på utfordringa frå Verdikommisjonen. Vi har vore med å byggje alliansar mellom anna for jordvern, mot Regionfelt Østlandet, for at det skal bli lettare for ungdom å kome inn i landbruket og mot Øvre Otta-utbygging.

Samarbeid i desse sakene er med å leggje grunnlaget for at vi også klarer å finne saman i dei vanskelege sakene, med mål om å vere konstruktive og kome fram til løysingar på dei. Klarer vi ikkje i rovdyrspørsmålet å kome fram til løysingar som både miljøvernarar og sauebønder kan leve med, vil alle partar tape. Mangel på samarbeid i dei vanskelege sakene, kan òg føre til mindre samarbeid i andre saker der det er viktig at dei som både vil ta vare på og hauste av naturen står saman.

Om Natur og Ungdom

Natur og Ungdom er en miljøvernorganisasjon for ungdom. Vi har over 7000 medlemmer fordelt på mer enn 80 lokallag over hele landet. Lokallagene i Natur og Ungdom jobber med miljøproblemene der de bor. Du kan bli medlem her.

Torggata 34 PB4783 Sofienberg - 0506 OSLO tlf. 23 32 74 00,
© 2002-2011 Natur og Ungdom, gjenbruk og ettertrykk anbefales dersom kilde oppgis.