Du er her:

Søk

Forhandlingane i WTO

1 Kva er WTO? • WTO (Verdas handelsorganisasjon) er ein organisasjon som byggjer på ei samling avtaler om handel. Alle land som er medlem i organisasjonen er pliktige til å fylgje reglane dei blir samde om i desse avtalene. I 2008 er det over 160 medlemsland i WTO.

  • Målet til WTO er meir internasjonal handel – ”frihandel”. Kvar avtale handlar om ein type handel. Til dømes har vi NAMA-avtalen om handel med industrivarer og fisk, GATS-avtalen om handel med tenester, og jordbruksavtalen om handel med mat og jordbruksprodukt.
  • For å nå målet om friast mogleg handel, prøver WTO gjennom dei ulike avtalene å fjerne alt som kan hindre handel. Dei vanlegaste av desse hindra er

          subsidiar, at eit land gir direkte økonomisk støtte til ei næring. Det kan til dømes vere at Norge gir støtte til sine bønder.

          toll, at land legg avgifter på varer som blir importert til landet. Då sikrar ein av varer produsert innanlands er meir konkurransedyktige med dei som blir importert.

  • Nye avtaler blir til gjennom forhandlingar mellom medlemslanda. I forhandlingane blir medlemmane samde om korleis dei skal fjerne handelshindringane og auke frihandelen. Til dømes set dei mål om at subsidiane til ein type varer skal reduserast med X %, og at tollen på import av varene skal reduserast med X %.
  • Forhandlingane foregår til dagleg i Genève, der dei fleste medlemslanda har faste delegasjonar. Av og til er det meir formelle møte. Dei viktigaste av desse er ministermøta, der utanriks- og handelsministrar frå medlemslanda kjem.

2          Kva er historia?

  • Ein har lenge hatt handelsavtalar for å regulere verdshandelen, og WTO har difor mange ”forgjengarar”. WTO vart danna i 1995 med utgangspunkt i desse forgjengarane. Norge var med frå starten.
  • Dei siste 5-10 åra har det blitt større og større motsetningar i WTO-forhandlingane, og det har difor vore vanskeleg å komme fram til nye avtalar. Fleire store møte har brote saman, og mange tidsfristar for nye avtalar har blitt brotne. Grunnen er at dei fattige landa har blitt flinkare og flinkare til å organisere seg og stå saman om sine krav mot dei rike landa.
  • Forhandlingane foregår i såkalla rundar. I kvar forhandlingsrunde skal ein komme fram til einigheit på alle områda som WTO omhandlar. Den forhandlingsrunden vi er inne i no, vart starta på ministermøtet i Doha i Qatar i 2001. Den vert difor kalla Doha-runden. Eit anna navn er ”utviklingsrunden”, fordi medlemslanda har blitt einige i at dei skal fokusere på utviklingslanda sine krav i denne runden.

3          Kva er jordbruksforhandlingane?

  • I WTO forhandlar ein på ulike område og har ulike avtalar. Eitt av desse områda er jordbruksvarer. Utgangspunktet for jordbruksforhandlingane er å kutte ned på toll og statlege subsidiar, for å auke frihandelen med mat og jordbruksprodukt.
  • I Doha-runden skal ein forhandle fram ei ny jordbruksavtale med nye og endå strengare reglar – subsidiar og toll skal med andre ord kuttast endå meir. Desse forhandlingane er det som blir kalla jordbruksforhandlingane.
  • Landa i WTO har svært ulike interesser. Nokre land har store fortrinn i å produsere ein type varer, og kan difor selge denne vara billig. Desse landa ønskar at andre land skal kutte sine handelshindringar slik at dei sjølv kan selje mest mogleg. Andre land har ikkje dei same fortrinna i å produsere ei vare. Dei har oftast ikkje lyst til å kutte i sine handelshindringar, sidan det vil føre til at deira eigne produsentar blir utkonkurrert.  

    WTO-landa har organisert seg i grupper ut ifrå kva interesser dei har i forhandlingane. I jordbruksforhandlingane er dette dei viktigaste gruppene:
    EU: EU har stort behov for toll og subsidiar på jordbruksvarer
    G10: Ei gruppe med 10 land (derav navnet) som har stort behov for å oppretthalde toll og subsidiar på jordbruksvarer. Norge er med i denne gruppa, som har flest rike land, men også nokre fattige.
    G20: Ei gruppe utviklingsland som har svært stor interesse av at andre land kuttar sine subsidiar og toll på jordbruksprodukt. Brasil, Kina og Argentina er dei viktigaste landa i denne gruppa. Sjølv om landa her er utviklingsland, er det ingen av dei fattigaste landa som er med her.
    G33: Ei gruppe utviklingsland som har sterk interesse av å beskytte sitt eige jordbruk. Indonesia, Kenya og Fillippinane er viktige land i denne gruppa. G33 har stor støtte frå mange andre utviklingsland i Afrika, Karibien, Asia og i Stillehavet.

USA står aleine i forhandlingane. Dei har i dag mykje av både subsidiar og toll, men er likevel konkurransedyktige nok til å eksportere mykje mat til andre land.

Andre forhandlingsområde

  • I tillegg til jordbruksforhandlingane, er det to viktige forhandlingsrområde:
    NAMA-forhandlingane (NAMA er kort for Non agricultural market access): NAMA-forhandlingane handlar altså om handel med varer som ikkje kjem frå jordbruket. Alle industrivarer og fiskerivarer er med her. I desse forhandlingane er interessekonfliktene slik: Dei rike landa vil at dei fattige landa skal kutte i sine handelshindringar (i all hovudsak toll). Norge står saman med dei andre rike, fordi vi ønsker mest mogleg marknadsadgang for vår miljøfiendtlege oppdrettslaks.
    GATS-forhandlingane (GATS er kort for General agreement on trade in services): Her forhandlar ein altså om handel med tenester, til dømes sjukehus, utdanning, telenettjenester, vasslevering osv. Her er interessekonfliktane som i NAMA-forhandlingane: Dei rike står saman og krevjer å få (ut-)konkurrere med selskap i utviklingsland. Utviklingslanda er sterkt imot dette.

4          Kva er problemet?

  • Subsidiar, toll, miljøkrav osv. er dei verkemidla eit land har til å styre jordbrukspolitikken sin. WTO fjernar desse verkemidla, og tar dermed mykje av makta over jordbrukspolitikken frå landet. Dette er alvorleg av to grunnar:
  • Når eit land ikkje har makt til å fastsetje sin eigen jordbrukspolitikk blir det uråd å ta vare på den lokale matproduksjonen. Lokalt, miljøvennleg småskalajordbruk vil bli utkonkurrert av miljøfiendtleg industrijordbruk i dei store mateksporterande landa (USA, Australia, Argentina, Brasil...)
  • Senka toll og subsidiar vil auke frihandelen med mat. Frihandel med mat er farleg i seg sjølv fordi det fører til meir forureining frå transport (utslepp av klimagassar og lokal luftforureining) og fordi langtransport av mat kan føre med seg smittsame matsjukdommar som kugalskap og munn- og klauvsjuke.
  • Kutt i handelshindringar er uheldig også på andre område, ikkje berre jordbruk. Når ein kuttar toll på fisk over heile verda, blir det meir interessant å fiske opp mykje meir fisk. I dag er 70% av alle fiskebestandar i verda truga av overfiske. Då er det lite smart å gjere det endå meir attraktivt å fiske opp så mykje som mogleg. Difor er tollkutt i NAMA-forhandlingane miljøfiendtleg.

5          Kva krever Natur og Ungdom?

Forhandlingsrunden som WTO held på med no har vart lenge, og fortsatt står forhandlingane i stampe. Særleg dei rike landa i WTO har lyst til å få på plass ein ny avtale, og pressar difor på for at ein skal bli ferdig.

Natur og Ungdom sine viktigaste krav og beskjedar til politikarane er no:

  • Vi er imot ein ny WTO-avtale. Ein avtale i ein organisasjon som har frihandel som mål, kan aldri bli bra for korkje miljøet eller dei fattige landa.

Men, dersom det blir ein ny avtale, er følgjande krav til den avtalen dei viktigaste:

Jordbruk:

  • Ein må kutte minst mogleg i toll på jordbruksprodukt i alle land. Toll er det beste verkemiddelet ein har for å sikre lokal matproduksjon, og er svært viktig for mange land, spesielt utviklingsland.
  • Å innføre eit tolltak er uakseptabelt. Eit tolltak er ei maksgrense for kor mykje toll eit land kan ha på ei vare. USA har til dømes foreslått å ha eit tolltak på 75%. For eit land som Norge, som har 300-350% toll på mange jordbruksvarer, er dette ekstremt alvorleg. Dette vil komme i tillegg til tollkutta som ein kjem fram til elles i avtalen, og rasere enda meir lokal matproduksjon.
  • Det må innførast eit skilje mellom subsidiar til produksjon til innanlandsk forbruk og støtte til eksport. Produksjon til innanlandsk forbruk må støttast, medan subsidiar til varer som blir eksportert må opphøyre.
  • Utviklingslanda må få eigne ordningar som gjer at dei kan beskytte sine fattige bønder. Den viktigaste av desse er ei ordning som kallast Special Products (SPs). Ei vare som mottar subsidiar i eit land, skal kunne kallast eit Special Product i eit utviklingsland, og utviklingslandet kan innføre ekstra tollbeskyttelse på produktet. Slik kan ein unngå at subsidierte jordbruksvarer fra eksportretta jordbruk i EU og USA blir seld til utviklingsland og utkonkurrerer småbønder der. Tollen vil beskytte deira lokale matproduksjon.

NAMA-forhandlingane:

  • Ein må kutte minst mogleg i toll på naturressursar, til dømes fisk. Norge krever no store tollkutt over heile verda. Det bør vi rett og slett ta oss saman og slutte med.

Om Natur og Ungdom

Natur og Ungdom er en miljøvernorganisasjon for ungdom. Vi har over 7000 medlemmer fordelt på mer enn 80 lokallag over hele landet. Lokallagene i Natur og Ungdom jobber med miljøproblemene der de bor. Du kan bli medlem her.

Torggata 34 PB4783 Sofienberg - 0506 OSLO tlf. 23 32 74 00,
© 2002-2011 Natur og Ungdom, gjenbruk og ettertrykk anbefales dersom kilde oppgis.