Fesk førr framtida 2017

Fesk førr framtida er ei fiskeriarbeidsveke arrangert av Natur og Ungdom. Vi inviterer ungdom til Andøya for å jobbe på båt og fiskemottak ei uke i sommer.

Bli med Natur og Ungdom på fiskeriarbeidsveka «Fesk førr framtida». Åtte ungdommar får sommaren 2017 høve til å bu på Andenes i Vesterålen ei veke. Her skal dei teste ut livet som fiskarar og lære meir om fiskerinæringa.  Du får prøve deg som fiskar i sjark, og følge fisken gjennom fiskemottaket og til middagsbordet! Og du får lære mye om kva lokalbefolkninga på Andenes meiner om pliktsystemet, strukturering og oljeboring.

Fesk førr framtida arrangerast 8.-12. august. Er du mellom 16 og 26 år og interessert i fiskeri? Da er dette ei perfekt moglegheit til å få eit nærare innblikk i næringa og få prøve livet på havet. Du treng ikkje å ha jobba på båt tidligare. Engasjement og fiskeglede er alt om trengs!

Send ein enkel søknad der du skriv litt om deg sjølv og kvifor du har lyst til å være med på fiskeriarbeidsveka. Fyll ut søknaden her innan 15. juni.

Har du spørsmål er det berre å ta kontakt med fagansvarleg for fiskeri, Vilde Gjerde Lied på mail vildel@nu.no eller fiskegruppa i Natur og Ungdom (fisk@nu.no).

Sjekk ut oppdateringer og bilder fra Fesk førr framtida på facebook!