At kua går på beite er bra for oss, kua og naturen. Det er ein grunn til at den har fire magar, og det gjer at den kan gjere gras som me ikkje kan ete om til menneskeføde. Beiting er viktig for å vedlikehalde kulturlandskapet som i dag er truga av gjengroing. I tillegg bruker me mindre importert kraftfôr, som i dag blir dyrka i Brasil og er ein stor pådrivar for avskoging. Det er betre for kua og ete variert på beite, og ikkje stå innestengt i fjøset og gomle kraftfôr. Det gir også betre kjøt med sunnare fettsyrer, som er betre for oss.

31.05.2014 av Natur og Ungdom

Instagram filter used: Normal

Photo taken at: Rykene

View in Instagram ⇒