Leiars Gaute Eiterjords tale til Natur og Ungdoms landsmøte 2019. Foto Rikke Sørdahl, Natur og Ungdom
Leiars Gaute Eiterjords tale til Natur og Ungdoms landsmøte 2019. Foto Rikke Sørdahl, Natur og Ungdom

Natur og Ungdom-leiar opna landsmøte: – Me har ikkje lenger tid å vente på politikarane!

05.01.2019 av Gaute Eiterjord

Natur og Ungdoms landsmøte 2019 opna laurdag 5. januar med tale frå leiar i Natur og Ungdom Gaute Eiterjord, kor han tok eit oppgjer med handlingslamma politikarar:
- Klimaendringane rammar oss som lever her og nå. Me har ikkje lenger tid til å vente på politikarane!

Natur og Ungdoms landsmøte 2019 opna laurdag 5. januar med tale frå leiar i Natur og Ungdom Gaute Eiterjord. I talen tok Eiterjord eit oppgjer med politikarane som ikkje har gjort meir for å løyse klimakrisa:

– I året som har gått har det nok ein gong blitt så altfor klart at klimakrisa er kritisk. Det hastar, forskarane har sagt det lenge. Dei som styrer har ikkje lytta. Foreldregenerasjonen vår har kasta bort tida. Det er ikkje sant at klimaendringane rammar framtidige generasjonar, dei rammar oss som lever her og nå. Me har ikkje lenger tid til å vente på politikarane!

For stort gap mellom ord og handling
Som eit av få land i Europa har dei norske utsleppa auka sidan 1990. Etter FNs klimaforhandlinger i Katowice i Polen ligg temperaturen på jorda an til å stige med over tre gradar med dei innmeldte klimaforpliktingane som kvart land nå har meldt inn.

– Gapet mellom ord og handling er altfor stort. Sjølv tre år etter at verdas land blei einige om klimaavtala i Paris, har me ennå ikkje nok tiltak for å nå måla, sa Eiterjord

– Då er det heilt hårreisande at regjeringa i sitt eige statsbudsjett skriv at med politikken deira vil me kutte våre utslepp med berre 14 prosent innan 2030. Det er mindre enn ein tredjedel av dei utsleppskutta som trengst. Når skal regjeringa vakne frå handlingslamminga? spurte Eiterjord

Regjeringa sviktar naturen
Eiterjord tok også opp regjeringas manglande evne til å ta vare på norsk natur, og viste til paradokset om å ville ta vare på havet men samstundes dumpe gruveavfall:

– Det er eit utruleg stort paradoks at mens Erna Solberg snakkar på innpust om kor farleg det er med plast i havet – og arrangerer internasjonale FN-konferansar om å ta vare på havet – så går ho samstundes god for dei største miljøskandalane i nyare tid med gruvedumpinga i Førdefjorden og Repparfjord.

– Kjære Erna Solberg, eg har ei lita nyheit til deg: Du er gjennomskua. Var eg deg ville eg lagt gruveplanane i ein djup skuff og kasta nøkkelen, for du skal vite at å øydelegge fjordane våre – det kan du berre drite i!

Klare krav til ei ny regjering
Eiterjord la fram klare krav til regjeringsforhandlingane som nå går føre seg mellom Høgre, Frp, Venstre og Krf:

– Våre klare forventningar til Erna Solberg, Siv Jensen, Trine Skei Grande og Kjell Ingolf Ropstad er dei lyttar til dei krystallklare krava frå Unge Venstre og KrfU: Det kan ikkje delast ut nokre nye oljelisensar, og gruvedumpinga i Førdefjorden og Repparfjord må stansast!

Lofoten, Vesterålen og Senja: Sigeren er i sikte
Sidan 90-talet har eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja vore blant dei aller viktigaste sakene for Natur og Ungdom. Nå ser det ut som Arbeidarpartiet kan snu på sitt landsmøte i april, etter fleire fylkeslag, deriblant Nordland, har gått mot olje.

– Når Nordland AP – som har vore den ivrigaste forkjemparen for olje – gravlegg stridsøksa så er det eit tydeleg signal. Jonas Gahr Støre, du må lytte til grasrota i ditt eige parti: Det eit soleklart fleirtal som vil ha eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja! sa Eiterjord

Ny runde i historisk klimasøksmål
Saman med Greenpeace, Besteforeldrenes klimaaksjon og ein stor koalisjon saksøker Natur og Ungdom staten for brot på miljøparagrafen i Grunnlova ved tildeling av oljelisensar i Barentshavet. 5. november 2019 kjem ankesaka til Langmannsretten. Natur og Ungdom er klar for ein ny runde i retten:

– Før jul uttalte Erna Solberg at den siste personen som skal slokke lyset på norsk sokkel ennå ikkje er født. Då kjente eg eg blei alvorleg sur. Spør du meg er det å tru at Noreg skal fortsette å pumpe olje inn i evigheita i praksis akkurat det same som å vere klimafornektar.

– Fordi regjeringa ikkje kjenner nokon grenser for oljeboringa, så treng me klimasøksmålet. Me kan ikkje la staten sleppe unna med oljeboring stikk i strid med vår grunnlovsfesta rett til miljø!

Heile tala kan du lese her, eller under:

Kontaktinformasjon
Gaute Eiterjord, leiar i Natur og Ungdom – 46892288
Jonas Fløde, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom – 97143877