Uttalelse: Innfør køprising i Bergen no!

22.01.2014 av Even Olai Østvik Mjaaland

Til: Byrådsleder i Bergen, byrådspartiene, media

Fra: Natur og Ungdoms landsmøte

Innfør køprising i Bergen no!

Natur og Ungdom, samla til landsmøte i Fredrikstad 9-12. januar 2014, krev at byrådet i Bergen innfører køprising for å avgrense biltrafikken innanfor bygrensa, då denne er svært skadeleg for både helse og miljø.

Bergen sentrum er plaga av store mengder trafikk og har til tider svært helseskadeleg luft. Den aukande privatbilismen, cruiseturismen og tungtransporten gjennom sentrum av byen skaper store miljø- og helseproblem. Spesielt privatbilismen fører til store køar. Denne typen køar i dei store norske byane kostar samfunnet til saman rundt 2,5 millionar kroner i minuttet. Næringslivet kjem til å tape om lag 30 milliardar kroner på dette dei neste 20 åra. Dei siste åra har Bergen i periodar hatt den dårlegaste bylufta i Europa vinterstid. Den dårlege bylufta og dei aukande CO2-utslippa er uakseptable.

Eit effektivt middel for å avgrense privatbilismen i og rundt sentrum er tidsdifferensierte bompengar, såkalla køprising. Innføring av dette vil tyde å auke bompengeprisane inn mot byen på tidspunkt av døgnet der det vanlegvis er kø. Altså vil bompengane gjere det lettare å kome fram på hovudfartsårene til byen. Både samfunn og klima taper på stilleståande køar og dårleg framkomelegheit. Innføring av køprising i Stockholm førte til ein nedgang i trafikken på over 22 % i rushtida. Dette ga kortare reisetid for brukarar av kollektivtilbodet og mindre lokal luftforureining. Tilsvarande gjekk biltrafikken i Trondheim ned med 10 % etter innføringa av tidsdifferansierte bompengar.

Tenketanken Civita har i sin nye rapport lagt fram køprising som eit viktig tiltak for mellom anna Bergen. Køprising vil vere til gagns både for samfunnet, økonomien, klima og miljø. Dei auka bompengeinntektene bør brukast til å gjere kollektivtilbodet betre. Dette vil gjere reising med kollektivtilbod meir attraktivt. Køprising har vist seg effektivt for å avgrense privatbilisme i sentrum av andre europeiske byar, og det kan verke som eit førebyggande tiltak for å unngå helsefarleg luft om vinteren. Køprising vil gi mindre press på vegane inn til sentrum og bør gi meir pengar til kollektivtransport.

Innføring av køprising er naudsynt for å sikre ei miljøvenleg utvikling av Bergen. Natur og Ungdom, samla til landsmøte 9.-12. januar 2014, krev at byrådet i Bergen innfører køprising som eit strakstiltak for å betre bymiljøet og kutte utslepp av klimagassar.