Uttalelse: Vi gir aldri opp Repparfjord og Førdefjorden!

12.01.2016 av Even Olai Østvik Mjaaland

Natur og Ungdom, samla til landsmøte i Fredrikstad 07.-10. januar 2016, krev at regjeringa tek omsynet til framtida, matproduksjon og Noregs internasjonale miljøry på alvor og seier nei til å dumpe gruveslam i Førdefjorden og Repparfjord – vi gir oss aldri!

Norske fjordar er ein verdfull naturtype og heim for verdfulle økosystem, men norske fjordar er under press frå ein gruveindustri på frammarsj. I Førdefjorden i Sogn og Fjordane og i Repparfjord i Finnmark har myndigheitane godkjent planar om dumping av forureinande gruveavfall. I april 2015 godkjente regjeringa Nordic Minings planar om å dumpe 5 millionar tonn gruveslam i Førdefjorden kvart år. Før jul godkjende Miljødirektoratet Nussirs planar om å dumpe 2 millionar tonn gruveslam i Repparfjord i året. Planane vil øydelegge livet i fjorden, partiklane vil spre seg og påverke livet i området rundt og i heile fjordsystemet.

 

Uakseptabel øydelegging av miljø

All erfaring med dumping av gruveavfall i sjø viser at det har stor negativ påverknad på livet i vatnet. Tidlegare sjødeponi i Repparfjord har vist at både fiskebestand og anna liv har blitt påverka av slammet. I Repparfjord flytta gyteområdene for fisken seg forrige gang ein kasta gruveavfall i fjorden. Både  Førdefjorden og Repparfjord er nasjonale laksefjordar, og heim for nokre av landets fremste lakseelver. Rundt Førdefjorden har over 60 bedrifter og næringslivsaktører skrive under på eit opprop mot gruva, mens fiskarar og reineiarar i Repparfjord fryktar konsekvensar for sine jobbar og sin matproduksjon.

 

Fortrenging i samiske områdar

Dumping av gruveavfall i Repparfjord vil ikkje berre øydelegge for livet i fjorden, men også for livet på land. Den planlagde gruva ligg midt i reinbeitedistriktet Fiettar 22. Samerådets leiar Aile Javo og Sametinget  har vist stor misnøye mot gruveplanane. Samerådet har varsla at dei vil ta avgjerda til retten. Ei regjering som tar samiske rettar på alvor kan ikkje tillate seg å byggje ei gruve i eit område som er viktig for eit levande reinbeitedistrikt.

 

Ungdom vil ikkje ha dumping av gruveavfall – gje oss reine fjordar

Ungdom i Finnmark og Sogn og Fjordane vil ikkje ha forureinande dumping av gruveavfall. Meiningsmålingar har vist at fleirtalet av folket er imot dumping av gruveavfall i sjø, og motstanden er størst blant ungdom. På få dagar etter regjeringas godkjenning av Førdefjord-gruva i april slo 500 ungdom frå Sogn og Fjordane fast at dei ikkje vil flytte heim til eit fylke som dumpar gruveavfallet i fjordane. Regjeringa bør lytte til ungdommen – vi ynskjer ikkje øydeleggande dumping av gruveavfall. Ungdom i Sogn og Fjordane og Finnmark vil ikkje ha gruver som sett Noregs miljøry og matproduksjon i fare.

 

Natur og Ungdom, samla til landsmøte i Fredrikstad 07.-10. januar 2016, krev at regjeringa stoppar planane om å opne for dumping av forureinande gruveavfall i Førdefjorden og Repparfjord. Framtidas gruveindustri dumpar ikkje problema på havet – vi krev ein berekraftig og fornuftig forvalting av ressursane i fjellet! Lytt til kunnskapen og ungdommen: Vi kjem aldri til å gje opp Førdefjorden og Repparfjord!