Ny utredning av Engebøfjell-prosjektet

26.02.2018 av Vilde Gjerde Lied

Natur og Ungdom, samla til landsmøte 6.-9. januar, krev at utsleppsløyve blir trekt tilbake og at det blir gjennomført ei ny utredning av prosjektet om utvinning av rutil og granat ved Engebøfjellet.

I 2015 fekk gruveselskapet Nordic Mining løyve frå klima- og miljødepartementet til å utvinne mineralet rutil og granat frå Engebøfjellet i Naustdal kommune i Sogn og Fjordane. Samstundes fekk også selskapet løyve til å dumpe store deler av avgangsmassen frå gruva i Førdefjorden. Førdefjorden er ein av Vestlandets reinaste fjordar, med eit stort mangfald av trua fiskeartar, samt at fjorden har status som nasjonal laksefjord. Fleire marine arbeidsplassar i kommunen og nabokommunane er avhengige av ein levande fjord og mange er derfor kritiske til prosjektet.

Den 3. januar blei det kjent at Nordic Mining no operera med eit lågare tal på sysselsette i gruveprosjektet ved Førdefjorden enn tidlegare. I staden for 170 arbeidsplassar, informerer gruveselskapet no om at det berre er snakk om 110 arbeidsplassar. I tillegg har levetida til prosjektet blitt redusert frå 50 til 29 år, samtidig som perioden for ope dagbrot har blitt utvida frå 10 til 16 år.

Då miljødirektoratet vurderte prosjektet i 2015, var det dei samfunnøkonomiske konsekvensane ein satt øvst, framfor miljøkonsekvensane. Det vil seie at faktorar som arbeidsplassar og skatteinntekter blei satt over miljøkonsekvensane ved dumping av gruveavfall i fjorden og ope dagbrot. No som det derimot er blitt kjent at levetida til prosjektet og arbeidsplassane er betrakteleg reduserte, vil ikkje prosjektet gagne samfunnet i lika stor grad som tidlegare.

Gruvedrift i form av ope dagbrot er eit stort inngrep i naturen og ved forlenginga av dette, vil miljøkonsekvensane for prosjektet bli verre. I tillegg til at store mengdar med gruveavfall vil bli dumpa i fjorden, vil det opne dagbrotet også ha ein negativ verknad på jordbruket då støvpartiklar frå gruvedrifta er med på å forurense jorda. Konsekvensane for utvinning av mineral ved Engebøfjellet har dermed endra seg betydeleg sidan prosjektet sist blei vurdert av miljødirektoratet.

Natur og Ungdom, samla til landsmøte 6.-9. januar, krev at utsleppsløyve blir trekt tilbake og at det blir gjennomført ei ny utredning av prosjektet om utvinning av rutil og granat ved Engebøfjellet.