fbpx
Voss NU er klare til å kjempe for vern av Raundalselva og Vosso. Foto: Thor Due

Vi tek ikkje varig vern av Raundalselva og Vosso for gitt!

28.01.2019 av Morten Hansen

Natur og Ungdom samla til landsmøte 5.-8. januar 2019 krev varig vern Raundalselva og Vosso.

Natur og Ungdom samla til landsmøte 5.-8. januar 2019 krev varig vern Raundalselva og Vosso.

Raundalselva er ei lakseelv og ei padleelv på Voss. Per dags dato har elva status som verna, og slik ynskjer me i Voss NU at det skal væra, også i framtida. Raundalselva er ein av Noregs mest verneverdige elver og eit eksempel på urørt natur på sitt beste. Det er store verneinteresser, men og stadig nokon som vil fram med planar om utbygging.

Kraftutbyggjarar har sikla på Raundalselva i 35 år. Etter storflaumen i 2014 har dei hatt flaumsikring som motiv for å gjera inngrep og for å oppheve vern av elva. I 2017 vart det avklart at den skal vernast for denne gong, men BKK vil fortsetje å bruke flaumkortet i håp om å ein dag få byggje ut.

Forholda no er veldig bra for laks, med gode gyteplassar og oppvekststrekningar. Dersom elva blir utbygd vil det få store konsekvensar for laksen. I 1991 flaumsikra dei Vangsvatnet, noko som nesten tok knekken på laksebestanden. Laksen er framleis svært sårbar, og utbygging kan bety slutten. Om det blir bygd ut vasskraftverk, vil temperaturen i vatnet søkke, som vil verke negativt for rekruttering av laks.

Det er ikkje mykje urørt natur igjen, og det er viktig at me tek vare på den me har. Vi meiner at urørt natur har ein verdi i seg sjølve. Over 70% av våre store vassdrag er regulert. Raundalselva står på lista over Noregs sju mest verneverdige elver. Noregs vassdrag og energidirektorat (NVE) meiner Vossovassdraget inneheld store verneverdiar både for vilt og fiskeinteresser, friluftsliv, kulturminner og naturvitenskap.

Elva er mykje brukt til padling, og folk frå heile verda kjem for å padle Raundalselva. Ei utbygging vil øydeleggje mykje av identiteten til Voss, og det vil kome færre turistar som er ei viktig næring på voss. Elva går i seks forskjellige kommunar, så det vil ikkje berre påverke Voss.

Det vil ikkje berre påverke laks og moglegheit for padling. Dersom dei byggjer ut vassdraget, vil det også påverke vasskvaliteten. I Vangsvatnet havnar det avfall frå jordbruk og industri. På grunn av flaumane renser dette opp og gjer at vasskvaliteten forheld seg bra. Utan flaumane vil Vangsvatnet bli overgjødsla. Derfor må vi verne elvene.

Natur og Ungdom samla til landsmøte 5.-8. januar 2019 krev varig vern Raundalselva og Vosso.