Voss NU: Mattis HyrverElla GjerakerrIngvild Bergan martinsen
Voss NU: Mattis Hyrver, Ella Gjerakerr Ingvild Bergan Martinsen FOTO: Thor Due / Natur og Ungdom

Nei til gummigranulat i vår natur

24.01.2020 av Tora Fougner-Økland

Natur og Ungdom samla til sitt 55. ordinære landsmøte i Fredrikstad 5-8. januar 2020 krev at farleg gummigranulat blir fjerna frå fotballbanene i Voss herad og bytta ut til eit nedbrytbart og berekraftig alternativ.

For kvar fotballbane forsvinn det nesten eit halvt tonn gummigranulat kvart år. Store delar av dette hamnar i naturen som mikroplast. Mikroplast er ikkje nedbrytbart og er svært vanskeleg å fjerne frå naturen når den først har hamna der.

Ei av fotballbanene på Voss ligg rett ved drikkevasskjelda. I tida framover blir det stadig viktigare og viktigare å verne om drikkevatnet vårt.

I kommunen skal det gjerast tiltak som å leggje ned filteringsrister som skal fange opp granulaten som hamnar i avløpet. Dette meiner me ikkje er godt nok, fordi det framleis vil forsvinne granulat gjennom snømåking og folk som dreg det med seg i sko og klede.

Me vil at kommunen skal bytte ut gummigranulaten med eit nedbrytbart alternativ som kork, sand eller sukkerrøyr. Dette har fungert på plassar som til dømes Stampesletta på Lillehammer. Det er derfor ikkje nokon grunn til å la vær å fjerne gummigranulaten.

Natur og Ungdom samla til sitt 55. ordinære landsmøte i Fredrikstad 5-8. januar 2020 krev at farleg gummigranulat blir fjerna frå fotballbanene i Voss herad og bytta ut til eit nedbrytbart og berekraftig alternativ.