Klippetoppen for 2014

02.01.2015 av Even Olai Østvik Mjaaland

Året 2014 er over, og tala for klippetoppen er klare.

Den siste månaden i 2014 har vore roleg på pressefronten. I Stavanger har dei fått skryt av sin positivitet mot bypakken, i Bergen har dei blitt intervjua om forbruk og i Østfold har dei fått presse på at dei skal gå i fakkeltog mot fjordkryssing.

På tredje plass med 1 presseklipp kvar ligg…

Akershus, Hordaland og Nordland!

På andre plass kjem…

Østfold med 4 presseklipp!

Og det fylket som sigrar i årets siste månad er…

Rogaland med 5 heile presseklipp!

I 2014 har tala på presseklipp vore låge. Totalt var me berre i pressa 2730 gonger, mot 3994 gonger i 2013. Me har sete dagsorden 12 gonger, medan i 2013 sat me dagsorden 24 gonger. Grunnen til dette er fordi i 2013 var Lofoten, Vesterålen og Senja ein stor sak som var ofte i media. Så sjølv om Natur og Ungdom har vore mindre i media i år, så har det vore større variasjon i sakene som har blitt tatt opp.

Så, kven av fylka  har stukke av med sigeren?

På tredjeplass med 34 presseklipp finn me:

Rogaland!

På andreplass med 41 presseklipp ligg:

Østfold!

Og på fyrsteplass med overlegne 81 presseklipp ligg:

Nordland!

Det blei ein klar siger til Nordland, med nesten dobbelt så mange presseklipp som andreplassen. Sjukt bra jobba! Men er du ikkje frå Nordland, så fortvil ikkje. No har 2015 starta, og klippetoppen blir nullstilt. No er det berre å stå på, skrive masse lesarbrev og pressemeldingar, ha kule aksjonar og mase på den lokale pressa. Så blir 2015 eit betre presseår enn 2014! Og kanskje det blir dokker som stikk av med sigeren i år og kan kalle dokker for klippetoppkongane.

Hugs at ikkje all presse dukkar opp i vårt medieovervakingssystem. Er du usikker på om det dukkar opp, så send ein e-post til infosek@nu.no for å sikre at det blir registrert.

Lurer du på korleis ditt fylke gjorde det i 2014? Her er lista:

Akershus 19
Aust-Agder 10
Buskerud 2
Finnmark 27
Hedmark 24
Hordaland 11
Møre og Romsdal 6
Nord-Trøndelag 4
Nordland 81
Oppland 1
Oslo 19
Rogaland 34
Sogn og Fjordane 6
Sør-Trøndelag 10
Telemark 20
Troms 20
Vest-Agder 0
Vestfold 10
Østfold 41