Klippetoppen 2015

Klippetoppen for januar 2015

01.02.2015 av Even Olai Østvik Mjaaland

Landsmøtet, fakkeltog mot brubygging, buss, bytekveld, asfaltby og arctic frontiers. Det er mykje som har skjedd i årets fyrste månad, og held dette fram blir 2015 til eit knallbra presseår!

Kor mykje kvart fylke har fått spriker ein del, og det er nokre fylker har utmerka seg, og her er topp 3:
På delt tredje plass med 5 klipp kvar:
Troms og Hedmark

På andre plass med 5 klipp:
Nordland

På fyrste plass med heile 9 presseklipp er:
Østfold!

Det betyr at Østfold ledar enn så lenge, men det er framleis 11 månadar igjen å slå dei på!

Lurer du på korleis ditt fylke gjorde det? Her er heile lista:
Akershus 0
Aust-Agder 0
Buskerud 2
Finnmark 4
Hedmark 5
Hordaland 0
Møre og Romsdal 3
Nord-Trøndelag 0
Nordland 7
Oppland 0
Oslo 1
Rogaland 2
Sogn og Fjordane 2
Sør-Trøndelag 3
Telemark 0
Troms 5
Vest-Agder 0
Vestfold 1
Østfold 9

Har dokker vore på TV eller radio, eller er usikker på om eit klipp ikkje dukkar opp i vårt medieovervakingssystem? Send ein e-post til infosek@nu.no