Klippetoppen 2015

Klippetoppen for februar 2015

01.03.2015 av Even Olai Østvik Mjaaland

Årets kortaste månad er overstått, og presseklippa er talt opp. Her er oppsummeringa av pressemånaden februar.

Lesarbrevet «Mer vei! Er svaret, men hva var spørsmålet?» frå fylkesleiarane i Hordaland, Rogaland, Telemark, Buskerud, Akershus og Oslo har dukke opp i fleire aviser og prega klippetoppen for februar. Elles så har Moss Natur og Ungdom feira at bystyret sa nei til tunnel og bru over Oslofjorden, Nord-Trøndelag har fått nytt lokallag,  og det har vore fakkeltog i Vevring.

Denne månaden er det 5 fylker som ligg på topp 3.

På delt 3. plass med 3 klipp kvar:
Rogaland og Telemark!

På 2. plass med 4 presseklipp:
Østfold!

På delt 1. plass med 5 presseklipp kvar:
Akershus og Hedmark!

Så langt i år er det Østfold som framleis ligg på topp med 11 presseklipp totalt. Godt jobba!

Takk for innsatsen i februar, og hugs at klippetoppen er tilbake om ein månad. Har du presseklipp som kanskje ikkje dukkar opp på vårt medieovervakingssystem, eller har du vore på TV/radio? Send det inn til infosek@nu.no.

Her er lista over kor mykje kvart fylke har fått samanlagt i år:
Akershus 5
Aust-Agder 1
Buskerud 3
Finnmark 6
Hedmark 10
Hordaland 2
Møre og Romsdal 3
Nord-Trøndelag 2
Nordland 7
Oslo 3
Rogaland 5
Sogn og Fjordane 3
Sør-Trøndelag 3
Telemark 3
Troms 6
Vestfold 1
Østfold 11