Klippetoppen 2015

Klippetoppen for mars 2015

01.04.2015 av Even Olai Østvik Mjaaland

Vel overstått påske, her kjem tala frå førre pressemånad. Denne månaden har det ikkje vore mykje aktivitet på pressefronten, men det er tre fylker som står som nokre fyrtårn i tåka.

Både Hordaland, Akershus og Hedmark har aksjonert då leiinga i samferdselsdepartementet tok tog rundt omkring i Noreg. Tre nye lokallag har fått presse etter å ha starta opp:  Nannestad NU, Nes NU og Sortland NU. I Alta og Troms har dei kravd betre kollektivtrafikk, og det har vore fleire gode lesarbrev om alt frå global oppvarming til oljeindustrien som kaprar alle realfagselevane.

Så kven ligg på topp denne månaden?

På tredje plass med 4 presseklipp:
Hordaland!

På andre plass med 7 presseklipp:
Hedmark!

På fyrste plass med 8 presseklipp:
Akershus!

Kjempebra jobba!

Har du presseklipp som kanskje ikkje dukkar opp på vårt medieovervakingssystem, eller har du vore på TV/radio? Send det inn til infosek@nu.no.

Her er lista over kor mykje kvart fylke har fått samanlagt i år:
Akershus 13
Aust-Agder 1
Buskerud 3
Finnmark 7
Hedmark 17
Hordaland 6
Møre og Romsdal 3
Nord-Trøndelag 2
Nordland 8
Oslo 3
Rogaland 6
Sogn og Fjordane 3
Sør-Trøndelag 3
Telemark 3
Troms 8
Vestfold 2
Østfold 11