
Klippetoppen for mai 2015
April er vel forbi og tala for månadens klippetopp er klare! Denne månaden var det temmeleg jamt mellom fylka på pressefronten, men det var berre eit fylke som hamna på toppen. Kva for eit fylke er det, og korleis ligg ditt fylke an?
På pressefronten har det vore ganske roleg i mai. Noko av det som har skjedd er at Tønsberg NU har gjort ein innsats for å redda padder, i Aust-Agder har Tvedestrand NU vore i avisa, Finnmark og Troms har hatt aksjon og skulering saman med ein gjeng frå Russland og i Bergen har det vore storaksjon for Førdefjorden.
Sjølv om tala denne månaden ikkje er så fantastiske, så fortvil ikkje. Sommartid er agurktid for pressa, så dei blir glad for alt som blir sendt inn. Om du ikkje er så keen på å aksjonera i ferien, så skriv ein neve med lesarbrev før sommarferien og send dei jamleg inn til avisa. Det er stort potensiale for å hanka inn masse klipp og få eit skikkeleg overtak på klippetoppen!
På tredjeplass denne månaden med 2 presseklipp finn me:
Sogn og Fjordane!
På andreplass med 3 klipp kvar er:
Hordaland, Hedmark og Vestfold!
På fyrsteplass med 4 klipp er:
Troms!
Her er lista over korleis alle fylka har gjort det i år og kor langt dei er frå å nå målet til sommarleiren:
Fylke | Antall klipp | Mål | Måloppnåing i % |
Akershus | 16 | 14 | 114% |
Aust-Agder | 5 | 7 | 71% |
Buskerud | 3 | 7 | 43% |
Finnmark | 9 | 14 | 64% |
Hedmark | 24 | 42 | 57% |
Hordaland | 9 | 21 | 43% |
Møre og Romsdal | 7 | 7 | 100% |
Nord-Trøndelag | 3 | 7 | 43% |
Nordland | 10 | 35 | 29% |
Oslo | 5 | 30 | 17% |
Rogaland | 9 | 20 | 45% |
Sogn og Fjordane | 8 | 12 | 67% |
Sør-Trøndelag | 3 | ||
Telemark | 5 | 28 | 18% |
Troms | 17 | 14 | 121% |
Vestfold | 7 | 12 | 58% |
Østfold | 12 | 35 | 34% |
Det vil sei at på fyrsteplass med 121% måloppnåing ligg Troms! I tillegg har både Akershus og Møre og Romsdal nådd målet sitt, kjempebra jobba!
Har du presseklipp som kanskje ikke dukker opp på vårt medieovervåkingssystem? Husk å sende inn presseklipp som kanskje ikke registreres til infosek@nu.no.