
Klippetoppen for fyrste del av året!
Sommarleiren er over, me er over halvvegs gjennom 2015. Det betyr at fyrste klippetoppetappe er over, og tala er klare. Kva for fylker har nådd pressemåla sine, og kva for eit fylke ligg på topp? Les vidare for å finna det ut!
På tridjeplass ligg….
…Akershus med 121% måloppnåing
På andre plass er…
…Møre og Romsdal med 129% måloppnåing
Og på fyrste plass finn me…
…Troms med heile 136% måloppnåing
Gratulera så mykje til Troms, og gratulera til Akershus, Aust-Agder, Finnmark og Møre og Romsdal som alle klarte pressemåla sine. Ikkje minst: godt jobba til alle som har vore i pressa i år! Dokkar arbeid er kjempeviktig for å få Natur og Ungdom ut til folket og skape lokalt engasjement!
Korleis har det gått med ditt fylke? Lista finn du her:
Fylke | Antall klipp | Mål | Måloppnåing i % |
Akershus | 17 | 14 | 121% |
Aust-Agder | 7 | 7 | 100% |
Buskerud | 3 | 7 | 43% |
Finnmark | 15 | 14 | 107% |
Hedmark | 32 | 42 | 76% |
Hordaland | 9 | 21 | 43% |
Møre og Romsdal | 9 | 7 | 129% |
Nord-Trøndelag | 3 | 7 | 43% |
Nordland | 11 | 35 | 31% |
Oslo | 7 | 30 | 23% |
Rogaland | 11 | 20 | 55% |
Sogn og Fjordane | 8 | 12 | 67% |
Sør-Trøndelag | 3 | ||
Telemark | 10 | 28 | 36% |
Troms | 19 | 14 | 136% |
Vest-Agder | 2 | ||
Vestfold | 7 | 12 | 58% |
Østfold | 12 | 35 | 34% |
Har du presseklipp som kanskje ikkje dukkar opp på vårt medieovervakingssystem? Hugs å senda inn presseklipp som kanskje ikkje registreres til infosek@nu.no.