Å finna ut kor fylka har vore i pressa krevjar ein del lesing i aviser. Foto: Amanda Iversen Orlich / Natur og Ungdom
Å finna ut kor fylka har vore i pressa krevjar ein del lesing i aviser. Foto: Amanda Iversen Orlich / Natur og Ungdom

Klippetoppen for september 2015

01.10.2015 av Even Olai Østvik Mjaaland

Denne månaden har klippetoppen vore sterkt prega av samferdsel og valet. Fylka som har hamna på pallen denne månaden har utruleg høge tal, og informasjonssekretær er imponert over den fantastiske innsatsen.

I Møre og Romsdal har dei hatt aksjon for betre busstilbod, og fått heile fem presseklipp for det. I Rogaland har dei jubla for billegare bussbillettar, betre busstilbod i Haugesund og aksjonert mot firefelts motorveg. I Buskerud har dei sagt at Noreg er ein miljøversting med sine planar og veg gjennom Hole og i Østfold har dei hatt lesarbrev mot ferjefri Oslokrysning.

Elles har fleire fylke vore i avisa i forbindelse med valet og TV-aksjonen, i Nordland har dei hatt lesarbrev mot bygging på matjord, i Telemark har dei arrangert eit møte om EU og miljø og i Finnmark har dei hatt utspel mot oljeboring i Arktis.

Så kva fylke har vore mest i pressa denne månaden?

På tredjeplass med 3 presseklipp kvar har me:

Hedmark og Østfold!

På andreplass med 5 presseklipp kvar:

Troms og Møre og Romsdal!

På førsteplass med heile 10 presseklipp har me:

Rogaland!

Det varmar hjartet til informasjonssekretær å sjå så høge tal. Hald fram med det gode arbeidet!

Har du presseklipp som kanskje ikkje dukkar opp på vårt medieovervakingssystem? Hugs å senda inn presseklipp som kanskje ikkje registreres til infosek@nu.no

Sjå korleis ditt fylke har gjort det så langt i år:

Fylke Antall klipp Mål Måloppnåing i %
Akershus 19 24 79%
Aust-Agder 8 12 67%
Buskerud 4 12 33%
Finnmark 18 24 75%
Hedmark 36 72 50%
Hordaland 9 36 25%
Møre og Romsdal 16 12 133%
Nord-Trøndelag 3 12 25%
Nordland 14 60 23%
Oslo 8 30 27%
Rogaland 23 30 77%
Sogn og Fjordane 13 22 59%
Sør-Trøndelag 4
Telemark 15 48 31%
Troms 29 24 121%
Vest-Agder 2 5 40%
Vestfold 10 22 41%
Østfold 15 60 27%