Å finna ut kor fylka har vore i pressa krevjar ein del lesing i aviser. Foto: Amanda Iversen Orlich / Natur og Ungdom
Å finna ut kor fylka har vore i pressa krevjar ein del lesing i aviser. Foto: Amanda Iversen Orlich / Natur og Ungdom

Klippetoppen for november 2015!

02.12.2015 av Even Olai Østvik Mjaaland

I november har klippetoppen blitt nærmast dominert av klima. Folk har gått i klimamarsj over heile landet og fleire har vore i avisa fordi dei skal til klimaforhandlingane i Paris.

I Akershus har dei delt ut boller til folk som tar toget, i Rogaland har dei reagert på folkefest for oljå. I Nordland og Finnmark har dei søkt på blokker i 23. konsesjonsrunde, og i både Oppland og Finnmark har dei fått presseklipp på at dei har starta opp nytt lokallag.
Kven har gjort det best denne månaden?

På delt tridjeplass med 4 presseklipp ligg:

Oppland og Troms!

På ein delt andreplass med 6 presseklipp kvar ligg:

Rogaland og Finnmark!

Og på ein fyrsteplass med 7 klipp er:

Møre og Romsdal!

Møre og Romsdal har no nådd 200% av målet sitt! Kanskje målet skal bli litt høgare til neste år?

Har du presseklipp som kanskje ikkje dukkar opp på vårt medieovervakingssystem? Hugs å senda inn presseklipp som kanskje ikkje registreres til infosek@nu.no

Sjå korleis ditt fylke har gjort det så langt i år:

Fylke Antall klipp Mål Måloppnåing i %
Akershus 22 24 92%
Aust-Agder 9 12 75%
Buskerud 4 12 33%
Finnmark 24 24 100%
Hedmark 42 72 58%
Hordaland 12 36 33%
Møre og Romsdal 24 12 200%
Nord-Trøndelag 4 12 33%
Nordland 23 60 38%
Oppland 5
Oslo 11 30 37%
Rogaland 35 30 117%
Sogn og Fjordane 13 22 59%
Sør-Trøndelag 4
Telemark 21 48 44%
Troms 34 28 121%
Vest-Agder 2 5 40%
Vestfold 15 22 68%
Østfold 19 60 32%