
Klippetoppen for desember og heile 2015!
Året 2015 er over, og tala for klippetoppen er klare. Kva fylker har nådd måla sine i år, og kven stikk av med seieren?
Den siste månaden i året har vore prega av store, nasjonale saker. Rundt 80 medlemmar har vore i Paris for å aksjonera i samband med klimaforhandlingane, og mange har kome på i si lokalavis. 56 lokallag har søkt på 23. konsesjonsrunde og fleire av dei har kome i avisa på grunn av det. Og løyva til å dumpe gruveavfall i Repparfjord har fått NUarar til å rase.
Kven fekk mest presseklipp i desember?
På tridjeplass med 6 presseklipp ligg:
Telemark!
På andreplass med 7 presseklipp ligg:
Vestfold!
På fyrsteplass med heile 12 presseklipp ligg:
Finnmark!
Sjukt bra jobba, spesielt Finnmark!
Klippetoppen for HEILE 2015:
Kva for fylke har hatt høgast måloppnåing i år?
På tridjeplass med 125% måloppnåing ligg:
Troms!
På andreplass med 150% måloppnåing ligg:
Finnmark!
På fyrsteplass med heile 233% måloppnåing ligg:
Møre og Romsdal!
Gratulera så mykje til Møre og Romsdal! Og gratulera til Finnmark, Troms, Akershus, Rogaland og Vestfold som har alle oppnådd pressemåla sine for i år!
No er 2016 i gong, og alle fylka starter med blanke ark. I år vil klippetoppen ikkje bli kåra etter måloppnåing, men etter totalt antall presseklipp slik som det har vore i åra før 2015. Så då gjeld det om å stå på, anten du er frå ein by med få lokalaviser eller eit fylke med ikkje så mange aktive medlemmar!
Hugs at ikkje all presse dukkar opp i vårt medieovervakingssystem. Er du usikker på om det dukkar opp, så send ein e-post til infosek@nu.no for å sikre at det blir registrert.
Her er lista over korleis alle fylka gjorde det i 2015:
Fylke | Antall klipp | Mål | Måloppnåing i % |
Akershus | 26 | 24 | 108% |
Aust-Agder | 9 | 12 | 75% |
Buskerud | 4 | 12 | 33% |
Finnmark | 36 | 24 | 150% |
Hedmark | 44 | 72 | 61% |
Hordaland | 16 | 36 | 44% |
Møre og Romsdal | 28 | 12 | 233% |
Nord-Trøndelag | 4 | 12 | 33% |
Nordland | 24 | 60 | 40% |
Oppland | 5 | ||
Oslo | 12 | 30 | 40% |
Rogaland | 35 | 30 | 117% |
Sogn og Fjordane | 15 | 22 | 68% |
Sør-Trøndelag | 4 | ||
Telemark | 27 | 48 | 56% |
Troms | 35 | 28 | 125% |
Vest-Agder | 2 | 5 | 40% |
Vestfold | 22 | 22 | 100% |
Østfold | 22 | 60 | 37% |