Klippetoppen for januar 2016!

02.02.2016 av Even Olai Østvik Mjaaland

Lokalpressa i januar har vore prega av at det har vore landsmøte. Mange lokallag har kome i avisa om at dei var på landsmøtet, og nokre har fått uttalelsane som blei vedteke der på trykk.

I månaden som gjekk har Hedmark treft den nye mat- og landbruksministeren, Stavanger har oppmoda folk til å køyre piggfritt og Vestfold har laga ei liste med krav til eit grønare Høgre i Vestfold. Tromsø har aksjonert utanfor konferansen Arctic Fronties mot regjeringas fiskeripolitikk, i tillegg til at dei fekk mykje oppmerksemd då dei reiste kollektivt frå Tromsø til Oslo for å fremja tog til Tromsø.

Så, kven står på pallen etter årets fyrste månad?

På delt tredjeplass med tre klipp kvar:

Hedmark, Nord-Trøndelag, Sogn og Fjordane, Oslo og Vestfold!

På andreplass med fire klipp:

Møre og Romsdal!

På delt fyrsteplass med heile seks klipp ligg:

Troms og Finnmark!

Gratulera så mykje til Troms og Finnmark, og bra jobba alle saman! Hugs at klippetoppen er tilbake kvar månad, og det er alltid mogleg å hamne på pallen neste gong.

Hugs at ikkje all presse dukkar opp i vårt medieovervakingssystem. Er du usikker på om det dukkar opp, så send ein e-post til infosek@nu.no for å sikre at det blir registrert.

Lurar du på kor mange presseklipp ditt fylke har samanlagt så langt i år? Her er lista:

Akershus 2
Aust-Agder 2
Buskerud 1
Finnmark 6
Hedmark 3
Hordaland 0
Møre og Romsdal 4
Nord-Trøndelag 3
Nordland 0
Oppland 0
Oslo 3
Rogaland 2
Sogn og Fjordane 3
Sør-Trøndelag 1
Telemark 2
Troms 6
Vest-Agder 1
Vestfold 3
Østfold 1