
Klippetoppen for februar 2016!
Februar har vore litt av ein månad på pressefronten med Førdefjordaksjonen. Mange lokallag har vore i avisa, og dei tre fylkene som er på pallen har verkeleg gjort ein innsats for å kome i avisa.
Folk frå lokallag i heile landet har vore og aksjonert ved Førdefjorden, eller har presseutspel, aksjonar eller andre markeringar for saka. I Vestfold har dei aksjonert og så feira at den nye togtraseen skal gå over Skoppum Vest, i Troms har dei hatt gruveseminar, I Nordland har dei sagt nei til konsekvensutreiing i Lofoten, Vesterålen og Senja, i Aust-Agder har dei kravd betre sykkelvegar og Telemark har vunne fylkets miljøpris.
Dei tre fylka som har vore ekstremt flinke denne månaden er:
På tredjeplass med tre klipp er:
Finnmark!
På andreplass med ni klipp:
Telemark!
På fyrsteplass med heile elleve klipp kvar ligg:
Vestfold og Hedmark!
For ein månad det har vore, og sjukt bra jobba Hedmark, Telemark og Vestfold.
Hugs at ikkje all presse dukkar opp i vårt medieovervakingssystem. Er du usikker på om det dukkar opp, så send ein e-post til infosek@nu.no for å sikre at det blir registrert.
Lurar du på kor mange presseklipp ditt fylke har samanlagt så langt i år? Her er lista:
Akershus 3
Aust-Agder 3
Buskerud 1
Finnmark 9
Hedmark 14
Hordaland 1
Møre og Romsdal 6
Nord-Trøndelag 3
Nordland 1
Oppland 0
Oslo 4
Rogaland 3
Sogn og Fjordane 5
Sør-Trøndelag 1
Telemark 11
Troms 8
Vest-Agder 1
Vestfold 14
Østfold 1