Klippetoppen for april 2016!

02.05.2016 av Even Olai Østvik Mjaaland

I april har pressa vore prega av at det har vore den store klesbytedagen kor fleire lokallag har arrangert bytemarknad. I tillegg har fleire vore i pressa på grunn av ope møte eller dei har fått besøk av pressa på møtet sitt. Lokallaget som hadde sprekast møte denne månaden må vera Kongsvinger, som hadde lokallagsmøte på bussen.

I Buskerud har dei aksjonert for betre busstilbod, i Møre og Romsdal har dei aksjonert for opprusting av Raumabanen, i Rogaland har dei lært opp politikarar om bier og i Sogn og Fjordane mobiliserer dei til å plukka boss i sentrum. Men kva fylke har gjort det best denne månaden?

På delt tredjeplass med 4 klipp kvar er:

Hedmark og Rogaland!

På andreplass med 5 klipp er:

Vestfold!

Og på fyrsteplass med 6 klipp er:

Troms!

Med det har både Troms og Vestfold 20 klipp, men det er Hedmark som så langt leier konkurransen om å få flest presseklipp. Men det er framleis mange månadar igjen av året, så det er berre å stå på for å vinne klippetoppen 2016!

Ikkje all presse dukkar opp i vårt medieovervakingssystem. Er du usikker på om det dukkar opp, så send ein e-post til infosek@nu.no for å sikre at det blir registrert.

Lurar du på kor mange presseklipp ditt fylke har samanlagt så langt i år? Her er lista:

Akershus 4
Aust-Agder 3
Buskerud 4
Finnmark 10
Hedmark 23
Hordaland 1
Møre og Romsdal 8
Nord-Trøndelag 4
Nordland 3
Oppland 1
Oslo 4
Rogaland 8
Sogn og Fjordane 9
Sør-Trøndelag 1
Telemark 16
Troms 20
Vest-Agder 2
Vestfold 20
Østfold 6