Klippetoppen for mai 2016

01.06.2016 av Even Olai Østvik Mjaaland

Månaden med flest feriedagar er over, og presseklippa til fylka er talt opp. Denne månaden var det temmeleg jamt mellom fylka på pressefronten, men det var berre eit fylke som hamna på toppen. Kva for eit fylke er det, og korleis ligg ditt fylke an?

I mai så har det kome i pressa at det er starta opp lokallag i Sør-Varanger og Inderøy. Sandefjord og Horten har arrangert klesbytedag, medan Sogndal studentlag har plukka boss. Egersund har hatt lesarbrev om kompiskøyring og kollektivtrafikk på trykk, og Elverum har krevd at det skal tilretteleggast for sykkel i sentrum.

Sjølv om tala denne månaden ikkje er så fantastiske, så fortvil ikkje. Sommartid er agurktid for pressa, som betyr at dei har lite å skriva om. Dei blir glad for alt som bli sendt inn, og sjansen for å hamne på trykk er mykje større. Om dokker ikkje er så keen på å aksjonera i ferien, så skriv ein neve med lesarbrev før sommarferien og send dei jamleg inn til avisa. Det er stort potensiale for å hanka inn masse klipp og få eit skikkeleg overtak på klippetoppen!

På tredjeplass denne månaden med 2 presseklipp finn me:
Hedmark, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Østfold!

På andreplass med 3 klipp er:
Nordland

På fyrsteplass med 4 klipp er:
Vestfold!

No ligg Vestfold berre 1 poeng bak Hedmark, som framleis leier konkurransen!

Ikkje all presse dukkar opp i vårt medieovervakingssystem. Er du usikker på om det dukkar opp, så send ein e-post til infosek@nu.no for å sikre at det blir registrert.

Lurar du på kor mange presseklipp ditt fylke har samanlagt så langt i år? Her er lista:

Akershus 4
Aust-Agder 3
Buskerud 4
Finnmark 11
Hedmark 25
Hordaland 1
Møre og Romsdal 10
Nord-Trøndelag 5
Nordland 6
Oppland 1
Oslo 5
Rogaland 9
Sogn og Fjordane 11
Sør-Trøndelag 1
Telemark 16
Troms 21
Vest-Agder 2
Vestfold 24
Østfold 8

Relevante nyheter


  • Klippetoppen for april 2016!

    I april har pressa vore prega av at det har vore den store klesbytedagen kor fleire lokallag har arrangert bytemarknad. I tillegg har fleire vore i pressa på grunn av ope møte eller dei har fått besøk av pressa på møtet sitt. Lokallaget som hadde sprekast møte denne månaden må vera Kongsvinger, som hadde lokallagsmøte på bussen.


  • Klippetoppen for mars 2016

    Kampen for oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja har starta. I Oppland og Troms har lokallag vore på årsmøtene til sine respektive fylkeslag i arbeiderpartiet og aksjonert for at dei skal vedta eit varig vern av områda, og i fylker frå heile landet har det blitt arrangert vardebrenning for saka.