Fylkesleiar i Rogaland NU, Gaute Eiterjord overrekk underskriftane til fylkesordførar Janne Johnsen (H). Foto: Jonas Harr Friestad/Stavanger Aftenblad

1709 underskriftar mot aukte bussprisar

10.12.2013 av Even Olai Østvik Mjaaland

Rogaland Natur og Ungdom, ved leiar Gaute Eiterjord, overrekte i dag 1709 underskriftar til fylkesordfører Janne Johnsen (H) mot forslaget om aukte prisar på bussbillettar og månedskort. Fylkestinget skal i dag og i morgon behandle budsjettforslag for 2014, deriblant kollektivsatsane.

Fylkesrådmann i Rogaland, Trond Nerdal, foreslo i sitt budsjettforslag for 2014 å auke prisane på enkeltbillettane, ungdomsbillettane og flexipasset – og har fått medhold av Høgre, KrF og Frp.

Ungdomskort aukast med 50 kroner

Budsjettforslaget går ut på å auke enkeltbillettane med éi krone, til 31 kroner og ungdomskortet med 50 kroner til 350 kroner i månaden. Flexipasset, som flest nyttar, vil også auke frå 630 til 700 kroner i månaden.

– Vi meiner at kollektiv-prisane må minke i staden for å stige. Det er berre å rette blikket mot Nordland: Der blei prisen på ungdomskort satt ned frå 400 til 300 kroner. Det førte til ei auking på 50 prosent i antall solgte kort, i forhold til året før. Å sette ned prisen gjer at fleire reiser kollektivt. Her i Rogaland frykter eg at det motsatte no vil skje, sier Eiterjord.

Stridar mot valløfte

Rogaland Natur og Ungdom har dei siste vekene samla inn over 1700 underskrifter frå ungdommar mot forslaget om prisauke. Underskriftene blei i dag levert til fylkesordførar Janne Johnsen (H), i forkant av møtet, kor busstakstane skal bestemmast.

Av alle underskriftene me har fått inn så langt er det tydeleg at mange er opptatt av rimeleg kollektivtransport. Politikarane, som tross alt er folkevalte, burde vegre seg for å gjere bussen dyrare. Eg håper verkeleg at politikarane snur – viss ikkje vender dei ryggen til både dei som reiser kollektivt og miljøet. Da vil me særlig rette oss til Høgre, som gjekk til val på at Ungdomskortet skulle frysast på 300 kroner, seier Gaute Eiterjord, fylkesleiar i Rogaland Natur og Ungdom

– Som å skyte seg sjøl i foten

– Alle politikarane er einige om at kollektivandelen må aukast. Å setje opp prisen blir då som å skyte seg sjøl i foten, avsluttar Eiterjord. 

For meir info:
Gaute Eiterjord, fylkesleiar i Rogaland Natur og Ungdom
46892288