Aksjon mot dyrere buss i 2013. Foto: Stavanger Aftenblad
Aksjon mot dyrere buss i 2013. Foto: Stavanger Aftenblad

Fekk gjennomslag for billegare ungdomskort til slutt

29.11.2016 av Gaute Eiterjord

Politikarane i Rogaland har i dag vedtatt at ungdomskortet for kollektivtransport skal bli billegare. Dette er eit gjennomslag for Rogaland Natur og Ungdoms som arbeidde mot dyrare bussprisar for tre år sidan.

Over 1700 protesterte mot dyrare buss
I 2013 protesterte Rogaland Natur og Ungdom mot at fylkestinget i Rogaland skulle auke prisen på ungdomskortet til 350 kr.  Dei frykta det ville gjere at færre tok bussen, og færre etablerte gode, miljøvennlege reisevaner.

Over 1700 underskrifter blei samla inn frå unge som var mot prisauken.

Politikarane lytta ikkje til ungdommen
Det blei dyrare å reise med buss, hurtigbåt og tog. Salet av ungdomskort gjekk ned, som Natur og Ungdom hadde spådd.

Heldigvis kan politikarar ta til vettet!
Nå, tre år etterpå, blir prisen sett ned frå 350 kr til 299 kr. Gjennomslag for dei som jobba med dette for tre år sidan! Det  viser at det nyttar å engasjere seg, det tar berre av og til litt tid før du ser resultatet!