Årsmøte i Sogn og Fjordane Natur og Ungdom

21.10.2015 av Jørgen Næss Karlsen

No er det atter ein gong tid for årsmøter og i Sogn og Fjordane vert dette arrangert sundag den 8. november.

Årsmøte er fylkeslagets viktigaste samling, der bestemmes alt som skal skje framover. Vi skal velje styret for fylkeslaget, vi skal gå igjennom budsjett for neste år og viktigast av alt; vi skal diskuterer kva saker vi ynskjer å satse på til neste år og kva slags aksjonar og aktiviteter vi har lyst til å gjere.
Den formelle inkallinga ligger vedlagt på sidan av innlegget her.

Årsmøte vil føregå i Sogndal, og det vil strekkje seg over store delar av dagen med middag til slutt, så det blir både sosialt og hyggelig.

Saksliste for møtet:

  1. Orientering om kva fylkeslaget har gjort i 2014
  2. Rekneskap for 2014
  3. Strategi for 2015
  4. Budsjett for 2015
  5. Vedtekter for fylkeslaget
  6. Val for 2015
  7. Eventuelt

Nøyaktig tidspunkt og anna praktisk informasjon vil leggjes ut så snart det vert klargjort.

Lurer du på noko meir om årsmøtet, ta kontakt med leiar Vilde Seljeseth Aase på telefon; 94169816 eller e-post; vildesaase(a)hotmail.com. Vi håpar å sjå deg der!