No er det verveveke i Natur og Ungdom!

22.10.2015 av Jørgen Næss Karlsen

Over heile landet er NUarar i full sving med å verve nye medlemmar, frå Nordkapp til Mandal.
Vi i Sogn og Fjordane Natur og Ungdom er også på farta og teke veka med vervestorm.

Vi har besøk av vår kampanjesekretær, Johannes, ansvarssentralist Tina og medlemssekretær Ida, som alle tre har vore med lokallag og fylkesstyret rundt omkring i fylket vårt. Dei har heldt føredrag for ein god del klassar på vidaregåande skular dei plassane vi har vore så langt.

I Nordfjordeid har vi både verva en heil haug med nye medlemmar, og sådd nokon frø som forhåpentlegvis spirar til eit blomstrande lokallag. På Eid arrangerte vi også opent møte, kor det vert servert pizza til dei meir nysgjerrige.
Sandane NU har fått masse nye medlemmar og ein supervervar med seg etter føredrag på Firda vgs.
I Sogndal er det verva både studentar og vidaregåande elevar til begge lokallag, og Førde NU har hatt besøk i dag og fått endå fleire med i lokallaget!