Sogndal studentlag fjernet store mengder søppel i sentrum

22.08.2015 av Arnfinn Storsveen

Sogndal studentlag tok tak og plukka boss i Sogndal sentrum.

Les artikkelen her fra Sogn Avis 05.mai 2015
– Det var skremmande mykje søppel å finna rundt i gatene, gøymd under skit og busker, og det var ein stor jobb å måtte plukka opp så mange små deler og restar. Det gav rom til ettertanke og me håpar at dei forbipasserande også tenkte litt over dette, seier Alette Hus Kråkenes i Sogndal Natur og Ungdom.

Informasjon

Sogndal Natur og Ungdom er eit relativt nystarta lag, og dette første gong dei dreg i gang ein slik ryddedugnad. Dei er glade for at SIMAS stilte med hjelp, utan det hadde det neppe kunne gjennomførast.

Utanfor kommunehuset 2. mai var det stand, og SIMAS hadde med litt infomateriell om sortering. Kråkenes fortel at det kom til ein del folk etter kvart. Dei vart delte inn i seksjonar slik at mest mogleg av bygda skulle bli rydda.

20 personar, seks av dei frå Natur og Ungdom, var med på aksjonen. Dei heldt på i cirka to timar, og etterpå blei 15-20 fulle bossekkar lempa inn i ein lastebil frå SIMAS.

No håpar Kråkenes at dei kan gjenta aksjonen neste år.

– Me håpar det kan bli ein fin tradisjon. Viss det kjem fleire folk til så får me dekt større delar av Sogndal, seier Kråkenes.

– Skadar dyrelivet

Natur og Ungdom ser på det som eit globalt problem at det er mykje lokal ureining.

– Mykje av søppelet som blir kasta på bakken blåser ut i fjorden med vinden og skader dyrelivet der, eller det er med på å ureina fine område på land. Det er alles ansvar å hindra slik lokal ureining, men diverre ser me at mykje hamnar på bakken og ikkje i søppelkassene der det høyrer heime. Me håpar denne dagen kan bidra til å få dette temaet på dagsorden, og til å få folk til å tenkja over handlingane sine, seier Kråkenes.