Kronikk: Snikprivatiseringa av fisken

25.09.2014 av Natur og Ungdom

Ytterlegare privatisering av dei norske fiskeressursane vil auke inngangsbarrieren for unge som vil bli fiskarar, og truge ei fornuftig fiskeriforvaltning, skriv Gaute Eiterjord og Tine Karlson i Nationen.

Kronikken stod på trykk i Nationen 22. september.

Rekrutteringsarenaen er truga

I dag er det nærmast umogleg å bli fiskar utan å sette seg opp til øra i gjeld. For å kunne fiske må ein ha ei fiskekvote, og stort sett kostar denne langt meir enn dei fleste har råd til utan å ta opp store lån. Unnataket er den delen av fiskeflåten med fartøy som er mindre enn 11 meter.

I denne flåtegruppa kan ungdom kome seg inn utan å kjøpe kvote, ettersom fiskekvota er knyta til kvart enkelt fartøy. Mens det blir færre og færre fiskarar i Noreg har denne flåtegruppa faktisk vakse med 12 prosent sidan 2002. Auken er i stor grad knyta til at ungdommar har blitt fiskarar.

Men denne rekrutteringsplattforma kan henge i ein tynn tråd. I regjeringsplattforma vil Høgre og Frp «Åpne for strukturering i lukket fartøygruppe under 11 meter». Etter føreslaget møtte massiv motstand hos fiskarlag, Sameting og kystsamfunn måtte fiskeriminister Elisabeth Aspaker i haust innrømme at «Tiden ikke er moden». Ho varslar omkamp hausten 2015.

Kva er strukturering?

Når ein strukturerer vil det seie at ein opnar for å kjøpe fiskekvoter. Ein kan kjøpe og «legge til» fleire kvoter til båten sin – ein fiskar med ei kvote i dag kan kjøpe opp kvotene til to andre båtar og fiske tre gonger så mykje. Det vil dermed bli færre fiskarar, og fiskerettigheitene vil bli konsentrert på færre hender.

Det er i praksis ei privatisering av fisken: Kven som får fiske er ikkje bestemt av eit ønske om å leve at ressursane kysten vår er så rik på, eller fortsette på ein tradisjonsrik arbeidsplass i lokalsamfunnet sitt. Det einaste ein tar omsyn til er betalingsvilja, det er den som i grunn bestemmer kva slags «rett» ein har til å fiske.

Flåtegruppa under 11 meter har så langt vore unntatt for strukturering. Det som har skjedd i resten av fiskeflåten når ein har gjort fiskerettigheiter til marknadsgjenstand er at kvoteprisane har dobla seg fleirfaldige gonger på kort tid. Flåten har blitt meir forgjelda etter kvart som det har blitt nødvendig å ta opp stadig større lån til stadig dyrare kvoter.

Regjeringa har eit uttalt mål om å auke rekrutteringa til fisket. Det er paradoksalt å gjere dette ved å strukturere den siste rekrutteringarenaen. Fiskeriministeren innførte nyleg eigne fiskekvoter for lærlingar. Eit heiderleg tiltak, som dessverre vil hjelpe lite om det elles går mot at alle utanom dei kapitalsterke skal stengast ute frå fisket.

Det fråverande behovet

Tanken bak strukturering er vanlegvis å betre lønsemda i ei flåtegruppe. Med for mange båtar på ei avgrensa mengd med fisk kan uttaket bli for lite for at det går rundt økonomisk. EU er eit eksempel på ei fiskeflåte med altfor stor fangskapasitet, og resultatet har blitt overfiske og bestandkollaps.

Ein skulle tru at betre lønsemd var årsaka til at ein ville strukturere ytterlegare i Noreg, men faktum er at den norske kystflåten ikkje slit med overkapasitet. Flåtegruppa under 11 meter har også den beste økonomien, med høgare eigenkapitalandel og lågare gjeldsgrad. Det skuldast lågare kapitalkostnader samanlikna med dei flåtegruppene som har blitt strukturert. Dette seier noko om behovet for å strukturere – det er fråverande.

Korleis vil me forvalte fiskeressursane?

Med lite gjeld kan fiskarar på små båtar fornye båten i gode tider, eller ta ut meir i løn til seg sjølv. Båtane er også meir fleksible i kva dei kan fiske på – viss torskekvota går ned, kan dei f.eks. fiske meir på hyse eller sei. Dei er heller ikkje konsentrert til å fiske på berre ein fiskeart, slik dei store havgåande trålarane er.

Med passive fiskereiskapar – til dømes garn og line – fangar dei langt mindre småfisk enn trålarposar, og skadar ikkje havbotnen. I tillegg til å fiske på det mest berekraftige viset har dei også eit CO2-utslepp per fangst som kan vere opptil seks gonger så lågt som dei største båtane. Når regjeringa seier at klima skal «gjennomsyre all politikk», og at det skal «kuttes i alle sektorer» burde det vere ein naturleg tankegang å støtte opp om den mest klimavennlege måten å fiske på.

Fiskeflåten vår bør også vere robust og tilpasningsdyktig for å kunne føye seg etter dei naturlege svingingane i fiskebestandane. For desse variasjonane vil vere der uansett kor mykje bankane må ha månadlege nedbetalingar på lån og renter. Korleis vil ein gjeldstynga og sårbar fiskeflåte klare seg i tider med lite fisk?

Kven skal eige havet?

Naturen kan ikkje tilpasse seg økonomiske teoriar. Det er den, og ikkje finansinstitusjonane, som kan levere mat og råstoff i uoverskodeleg framtid. Å gjere fiskekvoter til eit abstrakt omgrep, som ein gjer ved å opne for kvotekjøp, trugar ei jordnær, framsynt og kunnskapsbasert fiskeriforvaltning. Skal me hauste havets ressursar i framtida må også ungdom ha moglegheit til å bli fiskarar. Elles vil viktig kunnskap frå hundrevis av år gå tapt.

Eit samrøystes Storting stiller seg bak havressurslova i at «Dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet i Noreg» og at dei skal «sikre sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna». Dette er kanskje noko fiskeriministeren og Høgre burde tenke på før dei atter ein gong vil føreslå å privatisere havet vårt.

– Cathrine Karlson, masterstudent i politisk økonomi

– Gaute Eiterjord, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom