Norsk fisk til Kina og tilbake igjen?

26.11.2014 av Natur og Ungdom

Det er eit velkjend argument: Det er absurd at norsk torsk blir fryst ombord på trålarar og sendt til Kina for å fileterast, for så å kome tilbake som Findus-torskefilet i matbutikken. Men kva slags miljøbelastningar skjuler seg bak dette argumentet?

Det er forska litt på miljøeffektane av langtransportert mat. Ein rapport laga av Forum for utvikling og miljø i 2006 viser følgande utslepp av miljøskadelege gassar for eit scenario der fisk blir sendt Tromsø-Shanghai-Oslo samanlikna med eit scenario der fisken går Tromsø-Oslo:

Å sende fisken Tromsø-Shanghai-Oslo har:

  • 7 ganger så store utslepp av CO2
  • 20 gonger så store utslepp av NOx (nitrogenoksidar)
  • 186 gonger så store utslepp av SO2 (svoveldioksidar).

Rapporten peikar også på ei rekke negative sosiale konsekvensar som foredling i andre land enn Noreg kan føre til. Arbeidstilhøva for fabrikkarbeidarar i Kina er langt dårlegare enn i Noreg.

Natur og Ungdom meiner den openberre følga av desse dataene er at ein må legge til rette for lokal foredling av norsk fisk. Fisk må bli ein større del av matvanene våre, til fordel for for eksempel kyllingkjøt. Kystflåten, som leverer lokalt, og lokale foredlingsanlegg må prioriterast framføre trålarar som frys fisken om bord for å sende den til utlandet.

I den globaliserte verda kan ikkje «det billegaste» vinne fram, ein må også ta omsyn til miljømessige og sosiale konsekvensar av matproduksjonen. Lokalprodusert mat ivaretar desse omsyna best, og er ein av nøklane til å realisere lågutsleppssamfunnet.

Her kan du laste ned heile rapporten fra ForUM.